Det er Landbruks- og matdepartementet som står bak prisen. Målet er å auka merksemda om jordvernet, og få fram gode idear, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår, skriv departementet på eigne nettsider.

Departementet minner om at berre 3 prosent av landarealet i Noreg er dyrka mark, og at det difor er viktig at både fylkeskommunar og kommunar legg planar for å spara denne jorda.

I arbeidet med å plukka ut ein vinnar, kan juryen altså velja mellom 23 kandidatar. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale leier juryarbeidet, men for å letta arbeidet til juryen, har departementet trekt fram fem kandidatar som dei meiner er blant dei mest aktuelle.

Dei fem er: Vestfold fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Hå kommune i Rogaland, Averøy kommune på Nordmøre og Malvik kommune i Sør-Trøndelag.

– Dei fem er likevel ikkje fem finalistar. Juryen kan framleis velja blant alle dei 23 nominerte, seier førstekonsulent Kaja Schill Godager i Landbruks- og matdepartementet til Nynorsk pressekontor.

Til å avgjera kven som får prisen har Landbruks- og matministeren med seg Brita Skallerud frå Norges Bondelag, Arne Lofthus frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Anne Karine Halvorsen frå Norske landskapsarktitekters forening og Halvard Dale Lægreid frå KS.