Dei sju er plukka ut blant 38 nominerte kandidatar og fordelt på sju ulike kategoriar.

Under matfestivalen Copenhagen Cooking 23.–24. august 2017 skal dei sju norske kandidatane konkurrera med kandidatar frå Sverige, Danmark, Finland, Island, Færøyane, i tillegg til Ålandsøyane. På festivalen skal ein nordisk jury kåra ein nordisk vinnar i kvar kategori.

– Alle kandidatane som skal representera Noreg, uansett kategori, står for kvalitet. Eg ser fram til det vidare arbeidet saman med dei andre nordiske juryane. Forhåpentlegvis vil nokre av dei norske kandidatane nå heilt til topps, seier jurymedlem og leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes til nettsidene til organisasjonen.

Han får støtte av jurymedlem og kokk Even Ramsvik.

– Eg trur fleire av dei norske kandidatane har reelle moglegheiter til å vinna i København, seier han.

Det er første gongen prisen blir delt ut. Han er oppretta for å styrkja den nordiske matidentiteten- og kultur, og samtidig auka interessa for nordisk mat utanfor Norden. Prisen skal delast ut annakvart år. I år er det Danmark som er vertsland.

Dei sju norske kandidatane i dei sju kategoriane er:

Årets mathandverkar: Tingvollost.

Årets råvareprodusent: Fjellgris fra Valdres, Stølsvidda.

Årets matgründer: North Sea Salt Works.

Årets mat til barn og unge: Geitmyra matkultursenter (Oslo).

Årets matformidlar: Matmagasinet NORD.

Årets matdestinasjon: Røros ved Rørosmat og Destinasjon Røros.

Årets mat til mange: Hurtigruten. ©NPK