– Brita Skallerud får skryt av alle for jobben ho har gjort, men når ho har sete i leiinga så lenge, er det fleire som ønskjer ei avløysing, seier Bjarte Naterstad.
Han leiar valnemnda som tysdag la fram si innstilling til nytt styre i Norges Bondelag. I innstillinga vert andre nestleiar i dag, Brita Skallerud, føreslegen bytta ut med fylkesleiar Frøydis Haugen i Hordaland Bondelag.
Lars Petter Bartnes og Bjørn Gimming er innstilte attvalde som leiar og fyrste nestleiar. Innstillinga frå valnemnda er samrøystes.
Skallerud har gjort det klart at ho sjølv ønskte å halde fram som nestleiar.
– Eg har stilt meg til disposisjon for ein ny runde som andre nestleiar. Eg veit ikkje kva som har skjedd. Det får valkomiteen svare på, sa ho til Nationen tysdag.
Valkomiteleiaren ønskte fyrst ikkje å seie noko om kvifor nemnda går inn for å byte ut Skallerud, men sidan Skallerud sjølv har uttalt seg, gjer han det likevel.
– Valnemnda må sjå framover og vi ser behov for fornying, seier han onsdag.
– Det kan vere greitt med litt nye auge som ser på tinga, og no har vi fått signal frå fylkeslaga om at det er ønskje om litt endring, seier Naterstad og syner til at Skallerud har vore andre nestleiar i Norges Bondelag i åtte år, sidan 2009.
Lars Petter Bartnes har på si side vore del av leiartrioen i tre år og Bjørn Gimming sidan i fjor.
Frøydis Haugen er innstilt som ny andre nestleiar på bakgrunn av innspel frå fylkeslag og intervju valkomiteen har gjort med kandidatane, ifølgje Naterstad.
Han vil ikkje gå i detaljar om innspela frå fylkeslaga, men han seier det er fleire som har spelt inn Haugen som ny nestleiar.
– Ho har gjort ein veldig god jobb i Hordaland, og også ein god del sentralt i Norges Bondelag. No går ho rett inn som andre nestleiar på same måte som Brita gjorde for åtte år sidan, seier han.
– Brita har full støtte, men det er på tide å skifte. Det går på at vi vil ha ei viss rullering i kven som sit i forhandlingsutvalet. Samstundes ønskte distrikta representasjon i forhandlingsutvalet. Det er ingen dramatikk i dette, det er kort og godt eit ønskje om å sjå framover og få ei fornying, seier han.
Det er derimot ikkje alle som er samde i at det er Skallerud som no vert føreslegen bytta ut. Fylkesleiar Sigurd Enger i Akershus Bondelag, som er Skallerud sitt fylkeslag, er overraska over innstillinga.
Tidlegare nestleiar i Bondelaget, Berit Hundåla, har i ein kommentar til Skallerud på Facebook, også reagert på innstillinga.
– Mannfolka kan sitje i årevis i eit verv utan at nokon stiller eit einaste spørsmål, uansett kvalifikasjonar, men når vi endeleg får fram dyktige kvinner som er villige til å ta tunge verv over fleire år, og som er tydelege og kunnskapsrike, ja då skal dei kastast. Dette er ikkje norsk landbruk tent med, skriv Hundåla.
– Har valnemnda vurdert andre skifte i leiartrioen enn Skallerud?
– No vert det ei kvinne som vert skifta ut med ei kvinne, så kjønnsbalansen er den same som han har vore, men no kom det inn ein ny person i forhandlingsutvalet i fjor og vi kan ikkje risikere at vi i framtida får utskifting av leiar og andre nestleiar samstundes. Brita har sete i åtte år og då er det på tide å tenkje litt fornying, seier han.