Ordninga byggjer på miljøfondet til Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL), men blir etablert utanfor organisasjonen og med obligatorisk medlemskap.

– Denne løysinga ansvarleggjer næringa samtidig som vi får ei ordning som er effektiv å administrere, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Aspaker håper ordninga kan stimulere næringa til å merkje fisken, slik at det blir lett å spore kvar han kjem frå. Derfor skal dei som merkjer fisken, sleppe å betale medlemsavgifta i den nye ordninga.