Årsaka er at underlaget byrja å bli klissete på grunn av varmen.

Oslo lufthamn opplyste måndag at det er manøvreringsområdet og taksebanene på flyplassen som må vatnast, fordi dette er område der flya snur «på ein femøring». Fleire medium melde seinare same dag om at asfalten kokar. Rett nok har det ikkje vore så varmt, men høg temperatur kombinert med vekt og trykk frå fly kan skade asfalten.

Geir Lange ved Veidekkes asfaltlaboratorium forklarar overfor Teknisk Ukeblad at asfalten er tilpassa norsk klima.

– Asfalten på Gardermoen skal tåla temperaturar frå minus 34 grader til pluss 60 grader. Men me ser at han vert klissete når han overgår 52 grader. No som me har opplevd mange dagar i strekk med 55 grader på asfalten, vert han klissete og tåler mindre i dei områda med mest påkjenning, seier Lange.

Asfalten består av 94 prosent stein og 6 prosent bitumen. Det er delen bindemiddel som avgjer kva for temperaturar asfalten tåler.

– Me jobbar kontinuerleg med å sjå på ulike løysingar og tilsetjingar for å få asfalt som tåler meir. Men per i dag er det ikkje mogleg å laga asfalt som tåler både høge og låge temperaturar like godt, seier Lange.