Ulvestammen er på mellom 150 og 180 individ, viser dei siste utrekningane frå instituttet. Tala er frå mars. I mars i fjor var anslaget på mellom 200 og 235 individ.

Forskarane reknar med at det finst 14 ulveflokkar som oppheld seg i Finland, og sju som lever på begge sider av grensa mellom Finland og Russland. I ein rapport som vart utarbeidd i oktober, anslo Naturresursinstitutet at det var mellom 23 og 28 flokkar innanfor landegrensene.

Dei sterkaste ulvestammene finst sørvest i Finland og i nordre Karelen.

Ei av årsakene til den kraftige nedgangen er høg døying blant vaksne ulvar i åra 2015 og 2016. Bruk av genetisk identifisering har også gjort det enklare å få oversikt over bestanden. Naturresursinstitutet skal no granske årsakene til nedgangen i bestanden i eit eige forskingsprosjekt.