Ifølgje NPF er det i dag svært mange eldre menneske som er fortvila fordi dei ikkje kan vidareføre barndomsheim og familiehytter til sine næraste grunna innretninga på denne avgifta. Med dagens bustadprisar er det rett og slett umogleg for mange å arve hus og hytter frå foreldra sine eller besteforeldra.

Kjelde: NPF. Frå NPF si side blir det difor kravd at fribeløpet blir auka til ein halv million kroner.

Samla arveavgift tilfører i dag 1,9 milliardar til statskassa. Det vil seie 0,2 prosent av staten sine samla skatte- og avgiftsinntekter for året 2007. NPF krev ikkje at heile arveavgifta skal bort, berre justerast i høve til bustadprisane. Staten sin reduksjon av inntekter som følgje av kravet er difor langt lågare.

For kongeriket Norge er følgjeleg dette ikkje noko stor sak, men for dei som står midt oppe i situasjonen kan det sikkert følast svært tungt.

Eg vonar utspelet frå NPF blir tatt på alvor frå styresmaktene si side.

Johs. J. Vaag