Fredag var det nattopent på Knarvik senter, og i den anledning vart det haldt konsert med Bjarte Leithaug, Idol junior-vinnar Mathilde Spurkeland (12) og ikkje minst; ingen ringare enn Tone Damli Aaberge, som kom flygande frå Oslo eine og åleine for å halda konsert på senteret. Etterpå signerte Tone si nye juleplate, til stor glede for fansen, som nytta sjansa til å ta «selfiar» med idolkjendisen.


– Det var kjempekjekt å synga her i Knarvik, og ekstra kjekt var det å sjå at det kom så mykje folk – så eg er strålande fornøgd. Det var verkeleg verdt turen, seier Tone.

Imponert over Mathilde

Mathilde Spurkeland, som vann Idol Junior no i haust, fekk prata med popstjerna på tomannshand etter konserten. Tone la ikkje skjul på at ho er full av beundring, og trur Mathilde kan nå langt innan songkarrieren.


– Du er heilt utruleg flink. Vår framtid er i trygge hender! Eg er ordentleg imponert over deg, sa ho til Mathilde, som tydeleg vart glad og stolt over dei rosande orda.


– Tusen takk, sa Mathilde, litt sjenert.

– Syng masse

Damli kom også med eit par tips til den ferske songartisten.


– Mitt beste råd er å øva og synga så mykje du kan. Eg vil også råda deg til å ta sjansar, og gjerne gjera ting du er litt redd for. Viss ein er nervøs for å stå på scena, er det berre til å kasta seg ut i det likevel, sa Tone, som meiner det gjer at ein veks som artist.


I tillegg rår ho idol-vinnaren til å opptre der ho kan få opptre, for å få erfaring og øving.
– Om ein syng for fem eller tusen, skal ein prestera like bra uansett, seier ho.

Baksider av medaljen

Mathilde fortel at ho synest det er annleis og spesielt å verta kjent att på gata, men ho har endå ikkje opplevd at nokon har vore ekkel, eller sagt noko negativt. Tone sjølv kjent på kroppen at ikkje alle tilbakemeldingar er positive.


– Det er nokre baksider av medaljen. Ein vil alltid oppleva litt negativt på vegen til suksess, men viss du opplever det, må du prøva å fokusera på alle dei som liker det du gjer, og gir deg gode tilbakemeldingar. Det er lett at den eine stygge kommentaren skugga for alt det fine, men då må du klypa seg sjølv i armen og tenka på kor du har komme, rår Tone.

– Ho er ein forbilde

Mathilde, som bur på Seim, synest det var stort å møta Tone.


– Ho er eit forbilde for meg. Ho syng utruleg fint, og har ein spesiell klang i stemma. I tillegg er ho veldig snill og koseleg, og er akkurat som ein vanleg person, seier Mathilde, som fekk æra av å avslutta nattope-konserten, med hundrevis av tilskodarar.


– Det er kjekt å få synga her i Knarvik, men eg må innrømma at eg vert litt ekstra nervøs, sidan eg er på heimebane, og eg veit det kjem kjentfolk for å høyra på meg, seier ho.


No gler Mathilde seg til å ta ein velfortent juleferie, og vera samen med venner og familie – det har ho ikkje hatt alt for mykje tid til denne hausten.