Martin Møller Hovda er eit av verdas største talent innan brettsegling. Han tok mellom anna tredjeplass i Formula VM i U20-klassen tidlegare i år, og har tidlegare vunne både Norgescupen og internasjonale konkurransar.

LES OGSÅ: undefined

I helga deltok han i Havsportveka sin regatta, som gjekk ut på å segla flest mogleg rundar i løpet av ein time på ei åttetalsbane. Ungguten sa før konkurransen at han gjekk for gull, og tok ein soleklar siger med 43 rundar, medan nummer to klara 27 rundar. Bror til Martin, Sivert, var også med i konkurransen, men var uheldig og brakk masta etter ti minutt.

Brakk masta

Sivert Hovda (19) drog til Austrheim for andre året på rad, for å delta på Havsportveka sin regatta.

– Havsportveka har mange kule arrangement, og det er kjekt med konkurranse. Me har det i tillegg grådig sosialt og kjekt her, fortel Hovda.

Øyvind Birkeland frå Meland blei biten av brettseglar-basillen, då han tok eit kurs på Malta i fjor sommar. Han kjøpte seg utstyr med ein gong han kom heim, og synest det er stas å vera med å segla mot dei beste.

– For min del vert det nok nokre turar i sjøen, men samstundes kunne eg ikkje la sjansen gå frå meg til å få segla mot dei beste, seier Øyvind.

Regattaen skulle eigentleg gå føre seg i Årvika, men grunna dårlege vindtilhøve, blei konkurransen flytta til Mastrevikane.