– Det er ein stor dag i Sløvågen, seier Håkon Matre, som er styreleiar i Sløvåg Næringsbygg. Han hadde æra av å ynskje alle velkomne til opninga.

Med seg hadde han ordførarane frå Masfjorden og Gulen kommune, Karstein Totland og Hallvard Oppedal. Dei skulle halde bandet som markerer opninga av Vidsyn. Men det stoppar ikkje der. Ved endane av bandet stod representantar for begge fylkeskommunane, Jan Heggheim og Ingjerd Skogseid. Ordførarane fekk i oppgåve å ikkje late bandet kome nedi bakken, samtidig som at dei på endane skulle få nok slakk til å koma litt nærare kvarande.

– Dette synes vi er eit godt bilete på samhald mellom kommunane, sa Håkon Matre.

LES OGSÅ: – Mange vil få bakoversveis

Opna

Irene Wergeland, styreleiar i Wergeland Holding, fekk æra av å kome med kniven, mens det var Siva-direktør Ola Borten Moe som skulle få skjera bandet.

– Her er det mange som vil mykje for framtida. Det er imponerande å sjå alt arbeidet i området, og å sjå bygget som står her no, sa Moe, før han skar over bandet. Alle klarte sine oppgåver godt, bandet rørte ikkje bakken og kommunane kom nærare kvarandre.

– Ein seier ofte at Noreg har vore heldige som har all denne olja, men her ser vi klart at ein har vore driftig over tid, og verkeleg utnytta ressursane, avslutta Moe.

LES OGSÅ: Tidoblar arealet sitt

Flott dag

Alle dei frammøtte vart bedne inn på varm mat og godt selskap i kantina i andre etasje.

Aksjonærar og andre spesielt inviterte var bedne til lunsj ilag, der blant anna Irene Wergeland fekk sagt nokre ord.

– Det er ein flott dag. Heile styret er tilstades her, og vi er stolte over det vi har fått til. Vi har våga, stått på, og gjennomført planen, sa Wergeland stolt.

Bauta

Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane siterte Jacob Sande sine ord, om at han hadde reist sine bautasteinar i ord.

– Heldigvis ser vi at ikkje alle bautasteinar kun er ord. Dette er ein bauta av eit bygg, men med dei menneska som står bak, er eg ikkje overraska over at det no står her, sa Valvik.

– All den aktivitet og samhandling innad dette bygget er ein arena for nye tankar og idear her i Gulen.

LES OGSÅ: Følger marknaden

Milepæl

Også Kenneth Birkeland, dagleg leiar ved Johny Birkeland Transport, er godt nøgd med dagen. Firmaet er aksjonærar og har fulgt prosjektet tett.

– Dette er ein milepæl, og betyr svært mykje for vidare vekst og ikkje minst for lokalsamfunnet, seier han.

– Idag er vi utruleg fornøgde med at alt har gått så knirkefritt. Alt er gått etter planen, og vi har halde oss innanfor rammene. Idag er vi rett og slett stolte, seier Birkeland.