Det vert arbeidd lokalt for å få på plass bunkring, gjestehamn og serviceanlegg for båtfolket, gjennom LivOGLyst-prosjektet «Nytt liv i hamna», der eigarane av Fedje fryseri er aktive. Ein auke i fritidsbåttrafikken til Fedje vil generera meir bruk av ulike lokale tenester. Det vil og bidra til auka aktivitet i sentrum, vert det peika på i eit notat om det kommunale omstillingsprogrammet.

Hastar med bunkring

Bunkringsanlegg må på plass for å kunna realisera dei andre ledda i planane til LivOGLyst-prosjektet. Dersom dette til- taket ikkje blir realisert i 2015 mister dei eit tilskot på 500 000 kroner frå Merkur-programmet, vert det peika på i saksutgreiinga som før sommarferien vart drøft i formannskapet.

Det vert også jobba med eit forprosjekt for utvikling av sentrum og hamneområdet på Fedje. Kommunen vil i første omgang støtta etablering av bunkringsanlegg og småbåt- og gjestehamn med 500 000 kroner gjennom omstillingsprogrammet. Programmet er det viktigaste verkemiddelet kommunen har for å kunna gjennomføra større tiltak og investeringar innan utvikling av Fedje som reisemål.

Fedje får inntil 1,2 millionar friske kroner frå Hordaland fylkeskommune til omstillingsprogrammet fase 2. Kommunen må forplikta seg til å gå inn med like store ressursar i prosjekt som dei får i tilskot frå fylkeskommunen.

Nordsjøløypa

Utvikling av Nordsjøløypa er også eit ledd i å utvikla reiselivet på Fedje. Fylkesmannen har sett foten ned for planane om å etablera grussti i Fedjemyrane landskapsvernområde. Fylkesmannen meiner det er mogleg å gjennomføra alternative, mindre inngripande løysingar, og har skissert at bruk av klopper/trebruer eller ei omlegging av trasèen kan vera aktuelle alternativ.

Fedjingane legg også opp til å gjennomføra ein studietur for å henta inn kunnskap om reisemålsutvikling og å bygga nettverk. Studieturen bør gå til ein samanliknbar kommune eller eit lokalsamfunn som har lukkast med reiseliv, gjerne med utgangspunkt i båtturisme og aktivitetar knytt til sjø og friluftsliv, blir det peikt på i notatet, som formannskapet har tatt til orientering.