Tre veker med sommarcamp. Aktivitetane står i kø dag etter dag. Over 50 ungdomar har vore med på eitt eller fleire av arrangementa i løpet av sommarcampen.

VM ved breidda av Nesvatnet

Ørjan Lunde slit med ein skade i armen, og kan ikkje gå for hardt til i taklingane på fotballbana. Difor har han like godt plassert seg i komfortabel stilling i ”plastsekk” og overtatt managerrolla for Sveits sitt fotballandslag i ”VM-kampen” mot Colombia på grasmatta ved breidda av Nesvatnet.

– Det er viktig at nokon har styringa og kan koma med gode råd, seier han med eit smil. Han er imponert over tilbodet som ungdomskoordinatoren har stelt i stand.

Mange ballar i lufta

– Fint å kunna møtast og ha det kjekt i lag også i juli. Då er mange vekkreist på ferie, og det kan bli lange dagar utan noko å gjera på om du ikkje har sommarjobb. Difor er det ekstra stas med sommarcampen. Det sosiale er viktig, seier han.

LES OGSÅ: – Dei berre ler av meg når eg spør om dei har vifter på lager

Dei fleste samlingane er ved Nesvatnet, med mellom anna sandvolley, fotball, badminton, bading og grilling på programmet. Ungdomskoordinatoren i Radøy kommune har mange ballar i lufta, men får også tid til å vera med og spela sandvolleyball.

-Sommarcampen har slått godt an. Håpar campen kan bli eit årleg opplegg, seier Katarina Birkeland. Ungdomskoordinatoren synest det er kjekt å sjå at unge frå 13 til 19 år går så godt ilag, og oppfører seg eksemplarisk.

Utvidar med ei veke

– Ein fantastisk gjeng, fastslår ho. Tilbodet er så populært at Katarina like godt utvidar campen også til neste veke. Ho er einaste vaksne på campen, men ho forsikrar at dei eldste ungdomane hjelper godt til.

Det er inga påmelding til sommarcampen, og ungdomane kan sjølv velja kva dei ønskjer å vera med på. Ikkje alle er like aktive, og brukar tida til å soling og prata ilag. Her er det plass til alle. Også nokre ungdomar frå nabokommunen Austrheim gjestar campen. Det er eit godt samarbeid mellom dei to ungdomsklubbane i Radøy og Austrheim, eit samarbeid som blir pleia også i sommar.

Flott padletur

Ein god del av ungdomane har vore med kvar einaste dag, både på dagtid og kveld.

– Veldig kjekt at vi kan koma oss ut om kveldane. Det er jo ikkje alle som har sommarjobb, og då er det supert å ha noko å gjera på, seier Sandra Reigstad Morken. Ho var mellom dei som var med på padletur på Nesvatnet, og synest det var ei flott oppleving.

Flørting høyrer med

Campen har også hatt tur til Skageneset, fisketur i Nordangervågen, og rebus som dagsaktivitetar. Og ein dag var rett og slett sett av til soling. Og for dei som følte behov for å trekkja innandørs har det også vore mogleg å sjå kino ein av dagane.

LES OGSÅ: – Dette er alt for varmt for meg!

Litt flørting høyrer også med til sommaren og camplivet.

– Ja, ein av grunnane til at eg er på campen er ei jente her som eg har eit godt auga til, smiler Yunus Øzcan, som har vore med på ei rekkje aktivitetar .

– Campen har vorte ein samlingsplass for ungdom der vi kan ha det kjekt i lag. Her er alltid nokon å snakka med, og så er jo Katarina her for oss, seier Yunus, som er murarlærling.

Sommarcampen har også opplegg for dei aller yngste. Mellom anna har Katarina invitert til aktivitetar i Radøyhallen, med hoppemadrass, tunnel og prinsesseslott.

LES OGSÅ: – Deilig med sommarferie i Austrheim!