Hopp til innhold

Snart kan dei hurtiglade på Romarheim

Salet av elbilar aukar kraftig, men framleis må du planlegge godt viss du skal på langtur ut av byen. Men snart kjem tre nye ladestasjonar mellom Bergen og Nordfjord.

Familien Dannmann med elbil

MÅTTE TA BUSS: Familien Dannmann frå Askøy opplevde å gå tom frå straum då den einaste hurtigladaren langs vegen til hytta var i ustand. F.v. Leon, Josephine og Hege Dammann.

Foto: Ronny Dammann

På landsbasis har salet auka med 80 prosent i høve til i fjor. Snart rullar 14.000 bilar på vegane - med berre elektrisk kraft. Og i juni passerte Hordaland Oslo som fylket med flest selde elbilar.

Gjekk tom halvvegs til Sunnfjord

Elbil er ikkje lenger eit byfenomen, men å få lada opp bilen er ikkje alltid like enkelt. Det fikk familien Damman frå Askøy erfare då dei med elbil skulle til hytta i Sunnfjord tidlegare denne månaden.

Då dei kom til Oppedal ferjekai, den einaste ladestasjonen langs E39 mellom Knarvik og Førde, var det bom stopp. Ladaren var sett ut av drift, og familien vart møtt av ein rosa post-it-lapp med "I ustand".

Resultatet var at familiens Nissan Leaf vart ståande att, mens turen heldt fram med buss til Jølster, skreiv avisa Firda.

– Det var ein ganske fortvila situasjon, det er eit langt stykke til neste hurtigladestasjon i alle retningar, sa Hege Dammann til avisa.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hurtiglading av elbil på Stord i Hordaland

HURTIGLADAR: Ein slik ladar som dette, finst på E39 Oppedal ferjekai. Det er så langt den einaste mellom Knarvik og Ålesund. Her ladar NRKs Halvor Folgerø bilen på Stord.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Romarheim midt i blinken

Mens hurtigladestasjonane står relativt tett mellom Bergen og Stavanger, er det lenger mellom kvar stikkontakt nordover. Med 1272 registerte elbilar i Hordaland, vil fylkeskommunen no ta grep.

Planen er å etablere ein ladestasjon med hurtigladarar på Romarheim, som ein del av fylket sin klimaplan, skriv avisa Nordhordland.

Stasjonen vil bli av samme type som på Oppedal, og vil koste litt over ein halv million kroner. Planen er at kommunane Masfjorden, Modalen og Lindås kvar går inn med 50.000. Før helga vedtok formannskapet i Lindås å gå inn med sin del.

Det er godt nytt hos familien på Askøy.

– Ein stasjon før høgdedraget over Romarheim er midt i blinken, seier elbileigar Ronny Dammann til NRK.no.

Problemet langs E39: Sogn og Fjordane

Han fortel at dei har klart seg når ladestasjonane i Knarvik og på Oppdal har fungert, men er glad for at det no kjem nye ladepunkt.

– Dette tvingar seg fram når stadig fleire køyre elbil. Men i Sogn og Fjordane er det framleis dårleg. Der finst det knapt ladestasjonar, seier Dammann.

Med elbil og hytte i Jølster er han klar på det bør komme fleire hurtigladarar langs E39.

Ladestasjon på Sande, i Førde og på Skei bør vere naturlege lokasjoner, fastslår Dammann.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Elbiler

TRENG STRAUM: Dei populære elbilane har framleis sine avgrensingar i rekkevidde. Slike ladarar som på biletet finst også langs E39 nordover frå mot Sunnfjord, men dei hurtigladar ikkje.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Førde og Skei skal få

Inntil vidare er Sogn og Fjordane som ein svart flekk på elbilkartet. I sunnfjord har Sunnfjord Energi gjort eit omfattande arbeid med å etablere billadarar i kommunesentra.

– Men desse er ikkje hurtigladarar, opplyser nettsjef Helge Robert Midtbø.

Men det skal bli ei betring langs E39 - også i Sogn og Fjordane.

– Det er starta eit løpt for å få på plass hurtigladestasjonar i Førde og på Skei. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og kraftselskapa. Det er viktig at vi få på plass nye ladestasjonar når stadig fleire køyrer elbil, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Når også ladaren på Skei er på plass, bør ein i løpet av det neste året kunne komme seg til Nordfjord ved hjelp av hurtigladestasjonar. Langs E16 blir det i desse dagar montert ein hurtigladestasjon på Nyheim i Aurland.

I Møre og Romsdal er det planlagt ein hurtigladestasjon i Volda. I dag er Ålesund nærmaste når ein kjem sørfrå.

Her finn du hurtigladestasjonar i Hordaland:

  • Dale i Vaksdal
  • Voss
  • Leirvik på Stord
  • Haljem ferjekai
  • Bergen:
    - Fjøsanger
    - Fyllingsdalen
    - Godvik
    - Nyborg
  • Knarvik
  • Desse er under planlegging:
    - Nordheimsund
    - Åsane Senter
    - Romarheim
    - Voss
    - Eidfjord
    - Rosendal
    - Etne

Her finn du hurtigladestasjon i Sogn og Fjordane:

  • Oppedal ferjekai
  • Desse er under planlegging:
    - Førde
    - Skei
    - Aurland (i ferd med å bli montert)

Hvordan går det å kjøre elbil fra Bergen til Stavanger?

SJÅ: Slik gjekk det då NRK Vestlandsrevyen køyrde elbil frå Bergen til Stavanger.