Hopp til innhold

Fosse-stykke får tru kopi etter 20 år

20 år etter at «Og aldri skal vi skiljast» blei sett opp for fyrste gong, møtest dei originale skodespelarane på scena igjen.

Unni Kristin Skagestad og Bjørn Willberg Andersen

SE VIDEO: Dei tre skodespelarane skal møte kvarandre igjen etter 20 år – i same stykke. Foto/redigering: Kjetil Rydland.

I år er det 20 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar med «Og aldri skal vi skiljast», då skodespelet for fyrste gong blei sett opp på den Nationale Scene i 1994.

20 år etter skal det framførast på nytt denne helga under Fossedagane i Strandebarm, med same regissør og skodespelarar som då stykket hadde urpremiere.

Jon Fosse

TOK INITIATIV: Det var Jon Fosse sjølv som tok initiativ til å hente fram att stykket.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Det var Fosse sjølv som tok initiativet til å hente fram at Og aldri skal vi skiljast, fortel Unn Kristin Skagestad, som spelar ei av dei to kvinnene i framsyninga.

– Han ønskte at stykket skulle setjast opp med dei same menneskja for å markere hans forfattarskap som dramatikar, sidan han ikkje vil skrive meir for teater. Jon vil gjerne at me skal spele det ein gong i året i fem år framover, seier Skagestad.

LES OG: Fosse kan vinne Nordisk råds litteraturpris 2015

Framførast under Fossedagane

Unni Kristin Skagestad

REUNION: Unn Kristin Skagestad frå den originale oppsettinga i 1994.

Foto: DNS/Øystein Klakegg

Saman med regissør Kai Johnsen skal skodespelarane Unn Kristin Skagestad, Bjørn Willberg Andersen og Helga Mjeldheim møte kvarandre denne helga under Fossedagane i Strandebarm.

Her skal stykket framførast på nytt i bedehuset i Strandebarm søndag 26. april klokka 17. Det er BUL/Nynorskens hus og Hordaland Teater som står bak denne nyoppføringa.

– Ein stor skilnad er at instruktør Kai Johnsen har valt å bruke opptak frå 1994. Me var yngre og litt raskare og lettare då. Den gongen spelte me på ein time, no speler me på ein time og 15 minutt. Det blir både den unge og vaksne versjonen av oss tre på scena, seier Skagstad.

LES OG: Jon Fosse tok NRK med på hyttetur

– Spesielt å få jobbe med Fosse

Dei tre var aldri i tvil om kva dei skulle svare då dei fekk spørsmål om å spele stykket igjen. Det er spesielt å få jobbe med ein dramatikar som Fosse.

– Stykket er svært rytmisk og det gjentek seg igjen og igjen. Det er ganske vanskeleg å lære teksten, men når ein fyrst har fått den til å sitte, gjev rytmen tryggleik på scena. Ein blir med i eit dragsug, seier Skagestad.

Etter førestillinga vert det samtale med regissør Kai Johnsen og skodespelarane om arbeidet med stykket.