Hopp til innhold

Facebook vil satse på tv-sport

Ein direktør i Facebook stadfester i eit intervju at dei ønsker seg tv-rettane til amerikansk fotball, NFL.

SPO-SUPER-BOWL-50---CAROLINA-PANTHERS-V-DENVER-BRONCOS

NFL står på ønskelista til Facebook når dei no vil satse på tv-sport.

Foto: EZRA SHAW / Afp

FACEBOOK-ROSE-HOLLYWOOD/ Dan Rose, Facebook's head of corporate development and partnerships, views a screen displaying graphics at Facebook headquarters in Menlo Park

Dan Rose i Facebook vil har store planar om dei lukkast å få NFL.

Foto: ROBERT GALBRAITH / Reuters

I eit eksklusivt intervju med det amerikanske magasinet Variety seier Dan Rose, som er direktør for samarbeid og forretningsutvikling i Facebook, at dei er villige til å by på senderettar for sport.

I Noreg var det Medier24 som omtalte denne saka først.

Facebook har dei siste åra satsa tungt på videoinnhald. Men no rettar dei blikket mot tv-sport. Det vil i første omgang seie den amerikanske fotballserien.

– Vi kan gjere mykje spennande med sport. Om du ser korleis folk bruker Facebook i dag, så handlar ikkje dette berre om å sjå tre timar med video, seier Rose til Variety.

– Ei venta utvikling

Harry Arne Solberg, professor ved Handelshøyskolen i Trondheim

Professor Harry Arne Solberg synest det er heilt naturleg at Facebook no interesserer seg for tv-sport.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Han ser for seg å kunne sende frå garderobane både før og etter kamp, og gi innblikk i kva som skjer i kulissane og på banen.

Det at Facebook no går etter sportsrettar overraskar ikkje professor Harry Arne Solberg ved Handelshøyskolen i Trondheim:

– Det er ei venta utvikling. Facebook er enorme på verdsbasis, og når mange potensielle sjåarar. Eg trur difor dei kjem til å gå etter fleire attraktive idrettar og rettar.

Han peikar blant anna på europeisk toppfotball, ishockey og basketball som idrettar som Facebook truleg er interesserte i:

– Dette er idrettar som når eit stort publikum over ein stor del av verda. Vi ser for eksempel at engelsk og spansk fotball tener gode pengar på å selje tv-rettane til utlandet. Det skjer fordi det no er ein tilspissa kamp om tv-sporten. Og denne konkurransen vil bli enda hardare om Facebook melder seg på, trur Solberg.

Satsar tungt på levande bilde

Dei siste par åra har sosiale medier-giganten satsa tungt på videoinnhald på nett. Dei har blant anna lansert Facebook Live der kjende og offentlege personar kan sende direkte. Ei mogleg satsing på sport kan sjåast i forlenging av dette, skriv Variety i ein kommentar.

Og sport er stort på Facebook. Ifølge utrekningar selskapet har gjort, er 650 millionar av brukarane deira på verdsbasis sportsfans.

Dan Rose vil ikkje seie noko overfor Variety om kor langt dei er i forhandlingane om å skaffe seg NFL, eller korleis eit slikt kjøp skal finansierast:

– Eg utelukkar ingenting. Vi er villige til å prøve ulike idear.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters