Meld av Arnhild Skre
«Det er merkelig å gjøre opp regning etter et helt liv, og så er det et par korte månader i 2007 som skal få lov å bety så mye».
Slik innleier tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla del 13 av memoarboka «Gi meg de brennende hjerter». Kapitlet heiter «Den vanskelige tiden», og skildrar desse to månadene, januar og februar 2007, som førte til at Valla 9. mars 2007 valde å gå frå vervet som landets mektigaste kvinne. Enkelt medie hadde berre veker tidlegare kåra henne til landets mektigaste uansett kjønn. Nå sto ho brått utan nokon posisjon. Avgangen må vel kunna kallast det største fallet i dei siste tiåras norske politiske historie.
Kapitlet «Den vanskelige tiden »skildrar altså Yssen-saka og – meir gruvekkande – Fougner-«gjennomgangen» som for Valla utvikla seg til ein Kafka-historie toppa med ein psykiaterrapport ho seinare har klaga inn for Legeforeningens etiske råd og fått medhald. Så sette ho då også tittelen Prosessen på den boka ho tidlegare har skrive om hendingane som førte til avgangen våren 2007.
I memoarane ho nå gjev ut, er denne vanskelege tida unnagjort på berre 38 sider. Tek ein analysen hennar av hendingane med, brukar ho totalt vel 60 av 450 tekstsider på fallet. Resten handlar om det viktige livet før og etter.
- Les:
Eit liv før
Slik sett framstår boka som ei oppheving av den måten andre har tolka livet hennar. Fallet skal tilsynelatande ikkje få dominera livsskildringa. Gerd-Liv Valla hadde levd sju hundre månader før og meir enn eit halvt hundre månader etter dei to vanskelege.
Ho har vakse opp i ei kystbygd i Nordland på 1950-tallet og gjev fine tids- og miljøbilde derifrå. Ho blei student som den første i familien, tok studenttillitsverv, hamna på den mest teoretiske marxistiske ytterfløyen før den praktiske politikken tok henne og ho melde seg inn i Arbeidarpartiet. Vi får ingen djupare refleksjonar rundt den politiske utviklinga hennar, men at ho har samfunnsengasjement, ønskje om å påverka politikken og evne til å gjera det, treng ingen vera i tvil om. Ho framstår som eit arbeidsamt og arbeidsglad handlings- og sak-menneske. «Jeg gledet meg til å ta fatt», er ein typisk Valla-setning når nye utfordringar skal beskrivast.
Valla tok hovudfag i statsvitskap på ei avhandling om likelønn og framhevar likestillingsarbeid som den lange linja i livet sitt. Ho viser seg som ein god forhandlar. Ho får LO-stillingar og –verv. Blir henta av Gro Harlem Brundtland til Statsministerens kontor som rådgjevar og statssekretær. Thorbjørn Jagland ber henne bli justisminister då Anne Holt blir sjuk. Derifrå går vegen tilbake til LO og fortsatt kamp mot privatisering i offentleg sektor, til nestleiarstolen, til toppvervet, og etterkvart til sentralstyret i partiet.
Valkampen som enda med stortingsfleirtal for den raudgrøne regjeringa, får mykje plass. Rådslaging og samstemming av standpunkt i det fagleg-politiske samarbeidet blir pedagogisk framstilt før tilfella av offentleg kritikk av regjeringa Stoltenberg dukkar opp. Balanse skal det vera mellom fagbevegelsen, partiet og Ap i regjering. Men høgreleia er den retninga statsministeren likar best, i følgje Valla, og då blir det open kamp. For Jens er staare enn folk veit om, skriv ho. Og hevdar at det offentlege rommet er einaste staden det er råd å få snudd han.
Vallas puddel
Ho klarte det ved open konfrontasjon i fleire saker. Utfallet av sjukelønnsstriden hausten 2006 blei den tydelegaste sigeren, og den mest audmjukande for regjeringa. Ho blei rekna som sterkare enn han. Avisene begynte å kalla statsministeren for LO-leiarens «puddel».
Dermed la ho i følgje sine eigne analysar, grunnen for fallet få månader seinare. Jens uttrykte lite begeistra for puddelstempelet, skriv Valla, men ho tok ikkje omsyn til det. Dermed begynte nokon å snakka saman om å få henne bort, og Yssen-saka blei sjansen dei greip. Dåverande partisekretær Martin Kolberg blir presentert som kanskje den viktigaste strategen i det spelet. Eit nettverk av politiske og personlege vener rundt Stoltenberg og Ingunn Yssen blir skissert opp som operativt. Her manglar ikkje på konspirasjonsteoriar, og enkelte av dei er ulne. Men skremmande nok er fleire godt begrunna. Når Valla beskriv det som at partiet slettar hennar rolle i arbeidet for den raud-grøne regjeringa, får boka tydelege grøssartrekk.
Gotisk historie
Og slik kan boka lesast, som ein gotisk historie som opnar med rolege bilde frå ei vakker og harmonisk landsbygd. Ein historie der heltinna går optimistisk og energisk ut i livet og møter menneske som framstår som positive. Men medan ho er oppteken med å gjera godt, begynnar spenninga å tetta seg til. For vi veit kva som skal skje. Og etter kvart som det dramatiske høgdepunktet nærmar seg, begynnar lesaren å lura på kva side kvar ny person vil falla ned på når den avgjerande prøven står. Skal dei visa seg som verkelege vener, eller som ulvar i fåreklær?
Det er ein intrikat komposisjon Valla har laga, og han fungerer godt. Språket hennar er lite variert, bortsett frå når det kjem til faglege og politiske spørsmål. Berre når ho skildrar forholdet til den hjerneskadde dottera, går ho i djupna elles. Men ho evnar midt i dette hevntoktet å også få fram det ustoppelege politiske engasjementet sitt. Raseriet over urett. Forsvaret for dei svakaste. Og evna ho har hatt til å overleva det verste mediekjøret vel nokon nålevande har vore utsett for.
Nå reiser ho rundt igjen og held faglege talar og kursar ungdom i solidaritets- og likestillingspolitikk. Ho hyllar dei yngre politikarspirane for engasjementet deira og tileignar dei boka. Framtida ser lys ut for hennar prosjekt. I siste delen er ho i full gang med å diskutera kvar vekta bør leggjast i den kommande stortingsvalkampen.
Gerd-Liv Valla er ein hard negl. Ho er ein krigar, skriv ho sjølv. Ho seier kva ho meiner og ser ut til å ha glede av å stå i striden. Alt dette skin gjennom i teksten og det gjer boka både god og spennande å lesa.
Når eg lukkar boka tenkjer eg at vi har for få skikkeleg rasande forfattarar i dette landet.