Hopp til innhold

Slik vil dei fargelegge fengselet

Kunstelevar vil forvandle grå og triste fengselsveggar til fargerike kunstverk. Det kan ha ein positiv effekt på dei innsette, men ikkje nødvendigvis.

Vilde Nes

Kunstelev Vilde Nes viser fram eit fargerikt bilete som ho har jobba med. Ho trur dei innsette kan verte gladare av fargerike veggar.

Foto: NRK

«Du ska få en dag i måra som rein og ubrukt står med blanke ark og fargestifter tel...» Kanskje var Alf Prøysen ein inspirasjon for Design- og arkitektturelevane ved Fagerlia VGS. Avgangselevane har utarbeida forslag på utsmykking av det nye fengselet som skal byggast i Skodje kommune på Sunnmøre.

– Kanskje blir ein gladare av å sjå på eit fargerikt bilete. Forhåpentlegvis har det ei positiv effekt, seier Vilde Nes.

Karoline Fure

Karoline Fure har nytta trekantar som beveger seg frå nedste hjørnet til det andre. Det skal symbolisere håp.

Foto: NRK

Symboliserer håp

Elevane har utarbeida ulike individuelle forslag, der val av fargar spelar er viktig rolle. I Nes sitt bidrag går det frå kalde til varme fargar. I midten går skillet mellom kaldt og varmt.

kUNST

Vilde Nes sitt forslag er ansikt av geometriske former. Fargane går frå varmt til kaldt.

Foto: NRK

– Dei kalde fargane representerer ei fortid ein kanskje angrar på. Ein kan velje å halde fram i den same onde sirkelen eller jobbe mot ei endring. Det er eit håp for alle.

Medelev Karoline Fure har utarbeida ein spesiell teknikk for å skape beveging i bilete frå det nederste hjørnet til det øvste. Det skal symbolisere håp.

– Det skal inspirere innsette, tilsette og besøkande i fengselet til ein positiv tankegang om at det er mogleg å kome seg framover i livet, seier Fure.

Imponert over kreativiteten

Stilen på kunsten er minimalistisk, men framleis leiken og fargerik. Fengselsleiar i Ålesund fengsel, Hans Inge Jørstad er imponert over kunstelevane.

Hans Inge Gjørstad

Fengselsleiar i Ålesund fengsel, Hans Inge Gjørstad vurderer å opprette eit samarbeid med kunstelevane til det nye fengselet.

Foto: NRK

– Eg er imponert over kreativiteten. Det var mange veldig artige og flotte forslag.

Jørstad fortel at det vil bli mykje utsmykking i det nye fengselet. I alle offentlege bygg skal det vere samtidskunst. Om det blir anerkjente kunstanarar eller elevane ved Fagerlia som står for kunsten, gjenstår å sjå.

LES OGSÅ:

– Forslaga appelerte absolutt. Vi har ledig veggplass i fengselet, så eg håper vi får til eit samarbeid med Fagerlia og elevane i denne klassa om utsmykking av for eksempel luftegården.

Dei innsette må få bestemme kunsten

Fleire av forslaga var abstrakte med trekantar og andre geometriske former. Ein må vere forsiktig med å nytte abstrakt kunst, meiner rettspsykiater Per Børre Husebø.

Per Børre Hustad

Per Børre Husebø er positiv til bruk av kunst i fengsel, så lenge den er forståeleg.

Foto: NRK

– I den grad det er mogleg bør kunsten vere forståeleg. Abstrakt kunst er ikkje så veldig stiumulerande.

Varme fargar fungerer best, i følge psykiateren.

– Ein fengselstilverelse er monoton. Varm kunst og fargerike veggar kan skape visuelle og positive assosiasjonar, som igjen kan vekke varme kjensler blant dei innsette.

Les: Er dette Norges hyggeligste glattcelle?

Husebø fortel om episoder der fengselbetjentar har kjøpt inn bilete og kunst som ikkje har falt i smak blant dei innsette.

– Dei innsette bør få vere med å bestemme korleis fengselet skal dekorerast, eller få lage kunsten sjølv. Det finnast mange skapande menneske i norske fengsel.