Hopp til innhold

Valde feil skipar til NM-sprinten

– Det er lett å vere etterpåklok, men eg valde feil skipar, sukkar 19-åringen Gjøran Tefre etter sprint-exiten allereie i prologen.

Gjøran Tefre

SKUFFA: Gjøran Tefre (Førde) trekte på smilebandet etter prologen, men var skuffa over å ikkje nå målet om ein kvartfinale på sprinten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Førde-løparen reiste til Gåsbu med ambisjonar om å vere blant dei 30 som fekk gå kvartfinalen.

Fredag var Gjøran Tefre vel eitt sekund frå å klare akkurat det.

– Det var surt. Det verste av alt er at eg truleg valde feil skipar, seier 19-åringen.

Valde feil ski

– Eg hadde eitt skipar som glei godt, eitt skipar med godt feste og dårlegare glid og eit siste som var litt tyngre å gå med. Eg valde det med best glid. Det burde eg kanskje ikkje gjort. Det er små marginar på sprinten, vedgår han.

Tefre fullførde dei 1,7 kilometerane i langrennssporet på 3:54.28. Det var over 17 sekund bak suverene Pål Golberg (Gol), og sunnfjordingen til slutt 37. plass på NM-sprinten.

Det verste av alt, avstanden til Magnus Moholt (Ålen), som tok den 30. og siste kvartfinaleplassen, var berre 1,5 sekund.

– Eg måtte ut i fiskebein på eine bakken, og der tapte eg tre-fire sekund på skivalet, meiner Tefre og forklarar han hadde tre skipar å velje mellom før start.

Hadde tre alternative ski

Førde-løparen vart likevel den beste lokale utøvaren. Trygve Henden Gaasø (Fjellhug/Vereide) vart nummer 48, medan Martin Hegrenes (Førde) vart nummer 71.

– Eg bør kanskje setje det litt i perspektiv. Eg har framleis eitt år att som juniorløpar og dei aller fleste av dei 30 som gjekk vidare var over 25 år og rutinerte sprintarar, seier Tefre.

– Men det er surt. Når ein først er komen i kvartfinalen kan alt skje, legg han til.

Eitt mål for stafetten

19-åringen vart torsdag nummer 24 på 15 kilometer friteknikk. Med sprinten over for hans del, er det berre stafetten søndag som står att.

Saman med Martin Hegrenes og Ole Martin Erdal har laget til Førde eitt mål for augo; å slå Bjørn.

– Vi vart hakket bak i fjor, og helga blir heilsvart om vi ikkje slår Bjørn i år, ler han og vedgår at det blir ein jamn kamp.