Hopp til innhold

Vegen Sande-Guddal er stengd

Vegen mellom Sande i Gaular og Guddal i Fjaler er stengd på grunn av vatn som renn i vegbana.

Guddalvegen

MYKJE VATN: Dei store vassmengdene gjer til at vegen vert stengd.

Foto: privat

Kjell Navelsaker i teknisk etat i Gaular kommune seier at vegen blir stengd iallfall til torsdag.

– Det er frosne stikkrenner og grøfter fulle av is som gjer at vatnet renn over og nedover vegen. Vi held no på med å grave grøfter for å leie vatnet vekk frå vegbana.

Vegen mellom Sande og Guddal er ein grusveg som vart opna i 2006 mellom Solås ved Sande og Steinsetvatnet i Guddal.

Navelsaker ser ikkje bort frå at vegen kan bli stengd i fleire dagar.

– Det er meldt meir regn torsdag, så vi må sjå det an. Folk kan fylgje med på heimesida til Gaular kommune, der blir det opplyst når vegen opnar att.