Hopp til innhold

Fryktar mange går glipp av Astrup

Verk av Nikolai Astrup (1880-1928) går for millionar på kunstauksjonar. Likevel brukar ikkje Sogn og Fjordane kunstmuseum mange kroner på marknadsføring av barndomsheimen til kunstnaren.

Gerd Dvergsdal

PARADOKS: Gerd Dvergsdal er årleg oppom Astruptunet. – Eg har alltid tykt at Astruptunet er ei perle. Det er vakkert når du kjem opp her og set deg ned. Berre det å vandre i tunet er harmonisk, seier ho og meiner at fleire bør få oppleve kunstnarheimen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Besøkstalet har stupt sidan 26.000 menneske var innom Astruptunet i 1995. Like før sesongslutt i fjor hadde berre 3.500 besøkande vore innom heimen til Nikolai Astrup.

I mellomtida vart kunstnarheimen konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

– For meg er det eit stort paradoks at ein ikkje klarer å marknadsføre noko betre enn ein har gjort, seier tidlegare Sp-ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal.

Anonym Astrup

Nikolai Astrup

KUNSTNAR: Nikolai Astrup vart fødd i Kalvåg, men flytta til Jølster som treåring.

Dei siste åra har det vore debatt kring forvaltinga av Astruptunet. Mellom anna fekk arbeidet med eit omstridd besøkssenter ein brå stogg og vart lagt vekk for få år sidan .

Både besøkjande og lokale meiner manglande marknadsføring gjer at mange går glipp av Astruptunet. Dvergsdal føler at ein av landets største kunstnarar aldri har vore så anonym som no.

– Det er litt synd når du ser kor verdsett kunsten hans er på ulike auksjonar. Bortsett frå nettsidene er det lite marknadsføring. Nettsider kan vere vel og bra, men det å sjå at ein profilere Astrup når folk kjem til bygda trur eg gjer at ein får lyst til å besøke, seier den tidlegare ordføraren.

– Det er ei oppleving

John og Olga Elisabeth Slettahjell frå Byneset i Trondheim er mellom dei som i sommar har teke turen til Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet.

Dei meiner det er synd om folk går glipp av Astruptunet.

– Eg reknar han som ein av Norges største kunstnarar. Han har også ei spesiell historie som er vel verdt å høyre. Det er kjempeflott å komme hit og sjå dei gamle husa og der han måla. Det er ei oppleving, seier dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Guiding i Astruptunet.

OMVISING: Anette Nygård guidar mellom andre John og Olga Elisabeth Slettahjell frå Trondheim kring i Astruptunet.

Foto: Marie Stafsnes Osland

Vil ikkje attende

Etterkommarane til Nikolai og kona Engel deler Dvergsdal si misnøye til Astruptunet si utvikling. Barnebarnet Nikolai Astrup Geelmuyden seier han ikkje lenger kjenner seg att på tunet. Han ynskjer ikkje å ta turen tilbake.

– Det var ikkje slik det var. Nei, eg tykkjer det er dårleg. Eg kjenner meg ikkje velkomen, seier han og meiner forvaltninga av tunet har vore for dårleg.

Han tykkjer også at overskotet frå glanstida på 90-talet skulle vore brukt til å kjøpe inn Astrup-kunst.

Fokus på kunst

I tillegg meiner Astrup Geelmuyden at omvisingane burde ha meir fokus på kunsten.

– Det vi har teke inn på Astruptunet skulle gått meir til skikkeleg omvising. Det burde vere meir fagfolk som sette seg inn i korleis ein malte og korleis han laga sin grafikk og unike måte å lage tresnitt på, seier han.

Vil ikkje kommentere

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i år fått krass kritikk for å ikkje ta ansvar for å trekkje folk til musea . I samband med saka om Astruptunet, vil ikkje direktør Morten Johan Svendsen kommentere kritikken.

Venstrepolitikar Atle Hamar har også retta peikefingeren mot kunstmuseet for det dårlege besøkstalet ved Astruptunet. Då sa Svendsen seg samd i at marknadsføringa kunne vore betre.

– Vi har eit budsjett som vi må halde oss til, og som det har vore semje om i styret, men vi har ikkje hatt den utviklinga etter samanslåinga som vi håpa og forventa å sjå, sa Svendsen.

Video Besøkstal stuper

SJÅ TV-SAK: Besøkstala stuper for musea i Sogn og Fjordane.