Hopp til innhold

Serverte mat i Picasso-former

Kunstnaren Pablo Picasso (1881 – 1973) var tema då kokke- og kunstelevar i Haugesund møttest til fest. Elevane fekk fråtsa i dei velkjende Picasso-formene.

Kunstneren Picasso var tema da kokke- og kunst-elever i Haugesund møttes til fest idag. Elevene fikk fråtse i de velkjente Picasso-formene.

►SJÅ VIDEO: Kunst- og kokkelevar laga Picasso-inspirert mat i Haugesund.

Både framtidige kokkar og studentar hadde tysdag gått saman for å laga ein fargesprakande Picasso-fest.

– Me har verkeleg fått sett kor stor kunstnar han er, og me har fått bruka alle våre kreative sider, seier Sara Louise Emmerhoff som er elev ved formgjevingsfag ved Haugaland vgs.

Det er denne skulen saman med kokkeelevane ved Karmsund vgs. som har latt seg inspirera av grunnleggaren av kubismen.

– Elevane lærar gjennom prosjektet kor viktig det er med handlag og detaljar, seier ein nøgd Audun Aase, som er kjøkkensjef ved Haugaland vidaregåande skule.

Korleis rettane blei, og kunsten som pryda matsalen, kan du sjå i TV-innslaget øvst i artikkelen.