Hopp til innhold

Fleire vil gje bestemødre og geiter i julegåve

Ei rekkje humanitære organisasjonar opplever i år ein kraftig auke i salet av veldedige julegåver. Geiter, skulebøker, bestemødrer og besøksvener til einsame nordmenn er blant bestseljarane.

Symbolske gåver

Etter labert sal i mange år ser symbolske gåver frå humanitære organisasjonar ut til å få sin renessanse i 2012.

Foto: montasje / Skjermdump

UNICEF, FN sitt barnefond, melder at salet av «verdsgåver» er tredobla den første veka i desember, samanlikna med same periode i fjor.

Hjå Kirkens Nødhjelp er salet av veldedige julegåver opp 21 prosent hittil i desember – samanlikna med i fjor.

– Dette er ein formidabel auke og ei svært positiv utvikling. Det er vanskeleg å seia kva som gjev utslaget i år, men me har heile tida prøvd å byggja opp eit medvit i befolkninga om at me tilbyr slike alternative julegåver, seier seksjonsleiar i Kirkens Nødhjelp, Sindre Tollefsen.

Populære geiter

Kirkens Nødhjelp tilbyr geiter i julegåve

Geiter er bestseljaren til Kirkens Nødhjelp. Dei gir mjølk, kjøtt, skinn og gjødsel til fattige bønder i utviklingsland.

Foto: Skjermdump
Sindre Stranden Tollefsen

Kirkens Nødhjelp var i 2006 den første humanitære organisasjonen i Noreg til å ta i bruk symbolske julegåvekort. Seksjonsleiar Sindre Tollefsen gler seg over at nordmenn no ser ut til å leggja fleire slike gåver under treet.

Foto: Kirkens Nødhjelp

Kirkens Nødhjelp var i 2006 den første humanitære organisasjonen i Noreg som starta med sal av symbolske julegåver. Ordninga var ein suksess, og fleire andre organisasjonar kom etter. Men etter oppstartsåret har salet gått nedover.

Jula 2012 ser det derimot ut til at trenden er i ferd med å snu igjen.

Organisasjonen tilbyr ei rekkje symbolske gåver som alle inneber støtte til ulike bistandsprosjekt. Geiter og kyllingar til samfunn i utviklingsland er dei absolutte bestseljarane.

– Det er geitene og kyllingane våre som er best kjende, men oliventre til palestinske bønder og rettferdig sjokolade er også populært, opplyser Tollefsen.

Kjøper selskap til einsame nordmenn

Øistein Mjærum

– Det er veldig hyggjeleg å sjå at denne positive trenden held fram, seier Øistein Mjærum i Raudekrossen.

Foto: SALTBONES, Olav A / Røde Kors

Hjå Raudekrossen begynte salet av symbolske julegåver å ta seg opp i fjor, og førebels ser det ut til at kassaapparatet i nettbutikken går minst like varmt som i 2011. Organisasjonen reknar i år med at det vil liggja Raudekrossen-gåver for 500.000 til 600.000 kroner under norske juletre.

Gåvekort på skulemateriell til born i land som Colombia er blant det som fengjer aller mest.

– Det er veldig hyggjeleg å sjå at denne positive trenden held fram. Det som også går bra i år er det nye gåvekortet på støtte til vårt besøksarbeid i Noreg, seier kommunikasjons- og marknadsdirektøren i Raudekrossen, Øistein Mjærum.

Pengane går då til vår opptrening av besøksvener, eller til arrangement for eldre eller andre som kjenner seg einsame, Mjærum trur det store fokuset på einsemd-problematikken den siste tida kan ha gjort susen.

Slem nisse aukar salet av bestemødrer

Bernt Apeland

Generalsekretæren i UNICEF Bernt Apeland seier den slemme nissen i UNICEFS julekampanje har fått fart på salet av symbolske gåver.

Foto: NRK
UNICEF reklame julenisse

Den kontroversielle julekampanjen til UNICEF har sett sinnet i kok hjå mange, men har også fått folk til å opna lommeboka.

Foto: UNICEF

Fleire av organisasjonane som tilbyr veldedige julegåver peikar også på at folk har fått meir kjennskap til at denne typen julegåver eksisterer, og at nordmenn har blitt meir komfortable med å handla på nettet.

Ein kontroversiell TV-reklame har dessutan fått fleire til å dra kortet i UNICEF sin nettbutikk. På Facebook-sida til organisasjonen har mange gitt uttrykk for at dei er provoserte og vil ha videosnutten fjerna, men UNICEF står fast på at den slemme nissen som ikkje reiser til fattige land ser ut til å vera den oppvekkjaren dei hadde håpa på.

Blant dei mest populære kjøpa hjå FN sitt barnefond er gåvekorta på bestemødrer og startpakke for mødrer (myggnett og vaksinar i barnet sitt første leveår).

I fjor jul selde UNICEF 4991 såkalla Verdsgåver til privatpersonar, til ein samla verdi av dryge ein million kroner.

– Julegåvesalet er førebels ikkje ei stor inntektskjelde for oss, men me håpar at det skal bli det i åra framover, seier generalsekretær i UNICEF, Bernt Apeland,

Han viser til ei marknadsundersøking utført av Norstat for UNICEF i fjor, der fire av ti svara at det var aktuelt eller svært aktuelt å gje slike gåver til jul. I tillegg svara seks av ti at dei ville blitt svært glade eller glade for å få eit veldedig gåvekort til jul.

AKTUELT NÅ