Hopp til innhold

Yssen meiner kvinnehets i fagrørsla må fram i lyset

Ingunn Yssen meiner det er meir skammeleg når trakassering av kvinner skjer i fagrørsla enn i debattar på nettet.

Ingunn Yssen

Ingunn Yssen meiner det er mange kvinner som blir hetsa.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen (Ap) opplevde å bli kalla hore under ein demonstrasjon

Foto: Stortinget

Yssen, som sjølv skulda tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla for mobbing, seier det var svært viktig at stortingsrepresentanten Anette Trettebergstuen (Ap) fortalde om opplevinga av at nokre LO-demonstrantar ropte «hore» til ho.

– Veldig mange kvinner har no stått fram og sagt at dei stadig opplever denne type kommentarar og hets. Kvinner på ulike arenaer i samfunnet opplever dette, men det er endå meir skammeleg når det skjer i fagrørsla enn i nettdebattar, seier Yssen.

– Ville Martin Kolberg ha opplevd det same dersom han hadde snakka for den same forsamlinga? Svaret er nei, ifølgje Yssen.

Skulda for å lyga

Det var delar av venstresida i LO som stilte spørsmål ved om det i det heile teke var nokon som hadde ropt «hore» til Trettebergstuen. Ein av dei var journalist i LO-Aktuelt, Torgny Hasås. I ein kommentar på nettportalen Fri Fagbevegelse skuldar han Trettebergstuen for å «spela ut sex-kortet».

– Det verkar i alle fall som om det er ein del av den politiske kampen, sa Hasås til NRK 2. februar.

Det var også venstresida i LO som nekta for at tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla trakasserte Yssen. Ho vil ikkje snakka om Valla-saka, men er meir oppteken av at kvinner må seia frå.

– Når denne type hetsing av kvinner skjer, må det bli synleg og skapa debatt i det offentlege rom, meiner Yssen.

– Ingen ukultur i fagrørsla

Roar Flåthen

LO-leiar Roar Flåthen nektar for at det er ein ukultur i organisasjonen.

Foto: Kjell Herning / NRK

LO-leiar Roar Flåthen meiner han ikkje treng å ta eit oppgjer med noko ukultur i fagrørsla.

– Oppdagar me trakassering av kvinner, slår me hardt ned på det, ifølgje Flåthen.

AKTUELT NÅ