Hopp til innhold

Saknar innhaldsliste på vin

Vinen du kjøper på vinmonopolet eller blir servert på restaurant, opplyser berre om eitt stoff i innhaldslista, nemleg sulfitt. Dette stoffet er ukjent for mange, og Allergiforbundet ønsker alle ingrediensane i vinen opplyst på flaska.

Therese Sommervoll

Restaurantsjef ved Fish & Cow i Stavanger sentrum, Therese Sommervoll, veit stort sett kva alle dei 400 forskjellige vintypane restauranten tilbyr inneheld. Det er vanskeleg å vite nøyaktig kor mykje syre som finst i kvar enkelt vin utan ei innhaldsliste på flaska.

Foto: Linn Slåttedal Jacobsen / NRK

Sulfitt i vin

Under skildringa av raudvinen Cafaggio Toscana er det einaste stoffet som står oppgitt på flaska sulfitt.

Foto: Linn Slåttedal Jacobsen / NRK

– Mange kan få allergireaksjonar av tilsetjingsstoff som for eksempel konserveringsmiddel, seier Rose Lingra, fagsjef for allergi og eksem i Norges Astma- og Allergiforbund.

Når folk som er litt spesielt følsame mot enkelte stoff skal handle vin, hadde det vore ein stor fordel dersom det var ei innhaldsliste på flaska. Allergikarar må nemleg arbeide litt ekstra for å finne ut kva vinen inneheld.

– For dei er det ikkje alltid like enkelt. Først må dei jo lese på hyllekanten for å sjå om det står noko der som dei kan reagere på. Dersom det ikkje står noko der, må dei ta kontakt med dei tilsette på polet eller ringje kundeservice, seier Lingra.

Riesling Trocken Rheinhessen

Den økologiske vinen Riesling Trocken Rheinhessen har ikkje oppgitt nokon spesifikke stoff som finst i kartongen.

Foto: Linn Slåttedal Jacobsen / NRK

Kva er eigentleg sulfitt?

Astri Ferkingstad

Astri Ferkingstad syns at varedeklarering av vin skal, som alle andre matvarer, vere kjent for forbrukarane.

Foto: Linn Slåttedal Jacobsen / NRK

Sulfitt er eit konserveringsmiddel som forlenger haldbarheita til mat og drikkevarer. Dette er det einaste stoffet som er det er lovpålagt å deklarere. Vin inneheld sjølvsagt langt meir enn berre dette stoffet, men i motsetnad til andre matvarer, går vin utanom EUs regelverk for merking av mat.

– Når det gjeld næringsmidlar med alkoholprosent over 1,2, som for eksempel vin, så er desse unnatekne frå kravet om merking av ingrediensar og næringsinnhald, seier seksjonsleiar ved Mattilsynet, Atle Wold.

Vidare fortel han at bakgrunnen til dette går heilt tilbake til 1920-talet då det blei gjort ei regulering av krav til kvalitet og merking av vin i Europa. Dette må EU ta omsyn til, og derfor er det i dag ikkje nokon krav til varedeklarering av desse produkta.

Elise Dybvig Søreide

Student Elise Dybvig Søreide var ikkje klar over at vinen ho drikk manglar innhaldsliste, men vil frå no av tenke seg litt meir om når ho skal velje vin.

Foto: Linn Slåttedal Jacobsen / NRK

Positive til varedeklarering av vin

Sjølv om dei tilsette ved Vinmonopolet har mykje kunnskap om kva dei ulike vinane inneheld, meiner Kirsti Behrens, leiar for produktkvalitet ved Vinmonopolet, at det kan vere tenleg med meir informasjon om innhaldet i vinen.

– Vinmonopolet er veldig positiv til å få tilsvarande deklarasjonsreglar for alkoholhaldig drikk som vi har for andre næringsmidlar, seier ho.

Det er fleire av konsumentane også.

Knut Misje

Vinimportør Knut Misje på vinlageret i restauranten Fish & Cow.

Foto: Linn Slåttedal Jacobsen / NRK

– Det burde det ha vore, fordi vi då hadde visst kva vi kjøpte. Det er jo det same som med alle varer, seier Astri Ferkingstad.

– Internasjonale reglar om merking av vin hadde heilt klart vore til det beste for forbrukarane. Det er kan vere greitt å vite kva som finst i det vi puttar i oss, seier Atle Fylling.

– Når det ikkje er opplyst kva som er i vinen blir ein jo litt mistenksam. Så det er absolutt noko som burde blitt gjort, seier Elise Dybvig Søreide.

– Produsentane er kanskje redde for å miste kundar

At det ikkje er lovpålagt med varedeklarering av vin, tydar likevel ikkje at produsentane ikkje har lov til å merke varene sine. Behrens, ved Vinmonopolet, har ein teori til korfor produsentane vel å halda innhaldet i vinen hemmeleg.

– Vi antar at dei er redde for å vere dei første ut. At nokon kanskje då finn ut at det her er ingrediensar eller stoff dei helst vil unngå. Slik at forbrukarane då vel andre varer som ikkje er deklarert, i den forståing at dei ikkje inneheld desse stoffane dei ønsker unngå, seier ho.

Kva vinen faktisk inneheld kan vinimportør Knut Misje røpa.

– Vin er laga av gjæra druejus. Druene vi plukkar inneheld ein stor del jus, som igjen inneheld rundt tolv prosent sukker. Så har vinen mellom fem og åtte gram syre per liter. Nokon aromastoff og salta mineral og sporstoff frå jorda, finst og i vinen. Fargestoff og tannin eller garvestoff finn ein spesielt også i raudvinen.

– Kan bli ei lovpålagt varedeklarering også på vin

Det er nettopp desse tinga Lingra ved Allergiforbundet ønsker deklarert.

– Det finst ei rekkje tilsetjingsstoff i vin. Vinen kan også innehalde krydder, sitrus, frukter eller nøtter, pluss at det er alle desse tilsette konserveringsmidla som kan føre til allergireaksjonane, seier ho.

Ifølge Atle Wold ved Mattilsynet kan det med tida bli ei lovpålagt varedeklarering også på vin.

– I lys av den nye EU-lovgivinga om matinformasjon som skal gjelde for alle matvarer, blir det no jobba mot at ei innhaldsliste også skal vere kjent på vin og drikkevarer over 1,2 prosent, seier han.