Hopp til innhold

Natur og ungdom krev grøn omstilling

Oljetoget har reist frå Sogn og Fjordane for godt seier Natur og ungdom, som meiner fylkespolitikarane må tenke grøn omstilling

Arnstein Vestre, Natur og Ungdom

MÅ TENKJE GRØNT: Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom, meiner tida er overmoden for å få hovudet ut av oljetåka.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I mange år har fylkespolitikarane jobba for ein større del av oljekaka, men no er bransjen i full tilbakegang. Leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, meiner at tida er overmoden for nysatsing.

– Det blir kutta i titusenvis av arbeidsplassar langs heile kysten. Viss vi held fram å prioritere oljeindustrien, trur eg det vil gjere Sogn og Fjordane dårlegare stilt i overgangen til eit meir miljøvenleg samfunn, seier han.

Trur det grøne skiftet kan bli viktig

Natur og Ungdom er ikkje åleine om å jakte omstilling. Innovasjon Norge meiner berekraftige løysingar kan bli det nye konkurranseføremonet etter oljealderen.

Jan Heggheim

FOR TIDLEG: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, trur det er for tidleg å avskrive olje- og gassnæringa, men meiner det grøne skiftet kan bli viktig for fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Også fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, trur det grøne skiftet vil bli viktig i eit fylke som lenge har kjempe for å få mest mogleg av oljekaka.

– No skal det seiast at vi ikkje fekk med oss den heilt store veksten innan til dømes leverandørnæringa til olje og gass. Vi har framleis moglegheiter til å vekse på havbruk, marine næringar, vi har store ressursar i fornybar energi som vi kan utnytte, for ikkje å snakke om reiseliv og landbruk, som vi har mykje å gå på enno.

Utan noko særleg debatt har olje og gass vore blant dei prioriterte næringane når fylkeskommunen deler ut sine midlar.

For tidleg å avskrive oljen

No må det bli nye tider meiner Natur og Ungdom.

– Vi må få hovudet ut av oljetåka og inn i den fornybare framtida. Og den omstillinga må starte no, seier Vestre.

Oljebransjen har vore den store sysselsettingsmotoren på Vestlandet og Jan Heggheim meiner det er for tidleg å avskrive olje og gassnæringa.

Men heller ikkje han tør lenger å vere skråsikker.

– På den eine sida er det globalt eit ganske stort olje- og gassforbruk og det vil vi ha ganske lenge enno. På den andre sida så ser vi at når dei store økonomiske motorane byrjar å forske alternativt, så går ting veldig fort, seier han.