Hopp til innhold

Balestrendingane vil greie ut både bru og rassikring

Formannskapet i Balestrand vil greie ut både bru og rassikring i Esefjorden.

Esefjorden frå sjøen.

BRU: Bru over Esefjorden eller opprusting av eksisterande veg? Formannskapet ynskjer å greie ut begge alternativ.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er klart etter dagens møte i formannskapet. Utgreiing av begge alternativ er i tråd med råda frå både fylkesmannen og fylkeskommunen.

– Hovudalternativet er framleis bru, men eg trur det er fornuftig å greie ut konsekvensane av begge alternativa. No skal vi sjå på ulike alternativ for bru, og rassikring og utbetring av eksisterande veg, seier ordførar Harald Offerdal (Ap).

Stor usemje

Bjørn Skanke Sande

KRITISK: Bjørn Skanke Sande.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er stor usemje om korleis fylkesveg 55 skal gå gjennom Balestrand i framtida. Kommunestyret ynskjer bru, men innbyggjarar i Esefjorden fryktar at denne kan komme på kostnad av naudsynte rassikringstiltak av eksisterande veg.

Andre fryktar inngrepa ei bru vil medføre.

– Esefjorden er det mest kjende fjordmotivet i Norge. Det er Esefjorden som heile reiselivet er bygt opp kring, sa Bjørn Skanke Sande ved Kringsjå Hotell i april.

Startar prosess

Går ein for å opprusting og rassikring av eksisterande veg, er prisen kalkulert til 538 millionar kroner. Då er ikkje vegen frå Ese til Balestrand sentrum rekna med.

Harald Offerdal

ORDFØRAR: Harald Offerdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rassikring av Kjenesskreda og Hølskreda med tunnel, er åleine kalkulert til 444 millionar kroner. Kostnadskalkylen for ei bru er 400 millionar kroner. Det er også sistnemnde kommunestyret gjekk inn for i april .

– No vedtok vi planprogrammet i dag, og dette skal opp i kommunestyret før vi set i gang planprosessen. Den vil venteleg ta eitt til halvanna år, seier Offerdal.

Er ikkje på lista

I tillegg til fylkeskommunen og fylkesmannen, har også innbyggjarane gjeve tilbakemelding om sine synspunkt. Det er også starta ein aksjon mot brubygginga.

I prosessen vidare vil også innbyggjarane få seie sitt om saka.

– Utfordringa blir å komme på prioriteringslista til fylkeskommunen i høve til rassikring. Der er vi per no ikkje inne i biletet dei første fire åra i utkastet til Regional Transportplan. Men den er det høyringsrunde på no og blir vedteken av fylkestinget i desember, seier Offerdal.