Hopp til innhold

Gjestehamnene er smekkefulle

Strålande sommarvêr gjer at alle gjestehamnene i landsdelen er fulle.

Inge Ludvigsen

Inge Ludvigsen i gjestehamna i Grimstad har hatt mykje å gjere dei siste dagane.

Foto: Linn Husby/NRK

– Midt i fellesferien er det ganske sprengd kapasitet. Det er veldig utskifting kvar dag. Nokon går og nokon kjem. Det hadde vore fint å ha endå fleire brygger, men vi gjer så godt vi kan seier Inge Ludvigsen som driv gjestehavna i Grimstad.

– Det er fantastisk. Vi har hatt veldig godt vêr dei siste vekene. Turismen er veldig vêravhengig. Vi ser at båtturismen tek seg opp når det er fint vêr som no, seier leiar i Farsund Gjestehavn, Tom Egil Ravndal til NRK.

Berre i gjestehamna i Mandal var det kring 80 båtar tysdag. Ifølgje hamnevert Maria Hareide har det vore fleire gjester i år samanlikna med tidlegare år.

Betre enn i fjor

– Det er i alle fall eit av dei beste åra. Det er langt betre tal enn fjoråret. Vi ser av statistikken at høgdepunktet i år var 10. juli då det var 89 båtar i hamna. Men under skalldyrhelga kan vi ha mellom 100 og 150 båtar, seier Hareide.

I Mandal er det også etablert nye båtplassar ved kulturhuset. I tillegg er det mogleg å leggje til fleire andre stader, som ikkje var på plass i fjor.

– Totalt sett har vi fleire båtplassar i år enn i fjor, seier ho.

I Arendal er det til saman 140 plassar i gjestehamna. Dei siste to-tre dagane har det vore fullt også her. I Risør får NRK opplyst at det er nesten fullt.

– Alltid fullt

Også i Grimstad er det få ledige plassar i gjestehamna.

– Midt i fellesferien vert det alltid fylt opp her. Vi ser at veke 29 utmerkjer seg som den mest travle kvart år, seier hamnesjef i Grimstad, Inger Aaseby Skorstad til NRK.

Likevel kan det vere mogleg å få ein plass, sjølv om det er fullt akkurat no.

– No er det fullt også elles på båtplassane i byen, som er private. Men vi får stort sett flytta båtførarar til andre gjestehamner eller til andre brygger dersom det er som no, seier ho og legg til at havneverket står på brygga og tek imot dei som kjem inn.

Også i Kristiansand er det meldt om full gjestehamn i sentrum.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %