Då dei tre vise menn ikkje kunne koma er Osana godt nøgde med å få besøk av tre Raske menn denn jula.
Då dei tre vise menn ikkje kunne koma er Osana godt nøgde med å få besøk av tre Raske menn denn jula.

50 billettar igjen til Raske menn

Skal du ha billettar til Raske menn på laurdag må du raska på.

Oseana sel godt med billettar den siste veka før julepausen. Berre denne siste veka er det fullspekka program i Os' kulturelle storstove.

- No har me «Julestemning» med Blunck, Betan og Endresen i kveld. I tillegg får me «Nøtteknekkeren» fredag og søndag og «Raske menn» på laurdag. For kveldens førestilling er alt utseld, men til «Nøtteknekkeren» og «Raske menn» er det framleis billettar å få, fortel arrangmentssjef i Oseana, Berit Steen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje nytt

Til laurdagens «Nitti minutter på åtti minutter» er vel 450 billettar selde.

- Det tydar at me har knappe 50 igjen. Dersom ein har lyst å sjå den morosamme bergens-trioen må ein vera rask, humrar Steen.

Til dei som nyleg har sett gutane i aksjon i Bergen har ho følgjande å koma med.

- Dei har vist fornya framsyninga ein del, slik at det blir nye moment også for dei som har sett dei tidlegare i år, konstaterer Steen.

Populær julegåve

Elles merker arrangementssjefen at Oseana-billettar også i år verkar å vera ein god julegåve-idé.

- Det er mange som har kjøpt billettar for vårens arrangement i julegåve. Til no har det gått mykje av Kvitnes og Wilhelmsen og Halvtan Sivertsen-konsertane. «Ein mann ved navn Ove» med Sven Nordin, ser også ut til å vera populær, seier Steen.

Ho legg til at mange også kjøpar gåvekort, slik at mottakaren av julegåva sjølv kan velja kva han/hun vil gå på.

- Sondre Lerche skal spela alt laurdag 21. januar. Verkar det å vera interesse for han?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har seld litt billettar, men det har ikkje teke av. Me håpar osingane ser sitt snitt til å få med seg ein internasjonal artist av hans kaliber her i Os, seier Steen.