Om ein vel på nytt å ta fatt i planen om ein indre trase via Tysnes og Fusa, vil ein ganske sikkert ikkje bli seinare ferdig med Hordfast enn om ein hald fast på midtre trase med bru til Søre Øyane.
Om ein vel på nytt å ta fatt i planen om ein indre trase via Tysnes og Fusa, vil ein ganske sikkert ikkje bli seinare ferdig med Hordfast enn om ein hald fast på midtre trase med bru til Søre Øyane.

Bru til besvær del IV: Ver budd på fartsdumpar og omkøyring!

Mange trur det er for seint å kjempa mot monsterbru over Bjørnafjorden. Den er alt vedteken og kjem uansett motstand, høyrer eg sagt. Det er feil,- og kvifor det er feil, vil eg freista klargjera i det følgjande, skriv Egil H. Haugland.

LESARBREV: Status for planprosessen er at Statens Vegvesen (SVV) framleis arbeider med kommunedelplanane som dersom dei vert vedtekne av Kommunaldepartementet skal danna grunnlag for etterfølgjande reguleringsplanar. SVV har motteke 134 fråsegner, og i tillegg arbeider dei med ein alternativ ilandføringsplass i Søre Øyane – Gulholmen i staden for Kobbavågen. Dersom SVV konkluderer med at Gulholmen er å føretrekkja, må kommunedelplanen ut på ny høyringsrunde. Uansett er det nesten umuleg at Kommunaldepartementet får sluttføra arbeidet med kommunedelplanane for Hordfast før etter valet til hausten. Dermed er det usikkert når eit vedtak blir gjort, og kva vedtaket vil gå ut på.

Det politiske fleirtalet i Hordaland har tilrådd at ein alternativ trase rundt Bjørnafjordbassenget (indre trase) bør greiast ut slik at ein i det minste ser om dette alternativet kan gjera realisering av Hordfast mindre kostbar. Etter valet til hausten kan den same politiske koalisjonen koma til å overta regjeringskontora etter Høgre og Framstegspartiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veljarane skal seia sitt

I framlegg til Nasjonal Transportplan (NTP) er det ikkje sett av statlege investeringsmidlar til Hordfast før i andre halvdel av planperioden (etter 2024). For perioden 2024-30 er det sett av 14 milliardar statlege kroner, og rekna med eit tilsvarande beløp i bompengeinntekter, - til saman 28 milliardar kroner. Den siste kalkylen som ligg føre syner ein prislapp på 43 milliardar kroner, noko som gjer Hordfast til det dyraste samferdsleprosjektet i Noreg nokosinne. SVV har fått i oppgåve å gjera realiseringa billegare, men det er usikkert om dei maktar dette, og i så fall kva konsekvensar det vil få for prosjektet.

Det er sagt at det kan bli muleg å starte med Hordfast i 2023 finansiert med låneopptak som skal betalast attende med framtidige bompengar. Med den aukande uroa som knyt seg til realisering av Hordfast, er det lite truleg at nokon vil gje lån til å starta med eit vegprosjekt som ikkje er endeleg godkjent av Stortinget. Det vanlege er at Stortinget vedtek eit prosjekt same år eller året før ein startar med å realisera prosjektet. For Hordfast vil det tidlegast kunna skje i 2023 - det vil seia etter at veljarane har sagt sitt i samband med stortingsval både i 2017 og i 2021. Nok eit eksempel på at Hordfast vil leva med stor uvisse i mange år framover.

Statsminister tok grundig feil

Sjølv om dagens politiske fleirtal skulle få viljen sin, vil ikkje Hordfast kunna bli ferdigstilt før på midten av 2030-talet - om lag 10 år seinare enn det som vart skissert så seint som i 2012. Med full fres på prosjektet i ein periode på fem år, er dermed det mest «optimistiske» tilhengjarane av monsterbrua kan vona på, at Hordfast tar fem år lengre å realisera frå no av enn det som vart lova i 2012. Om ein vel på nytt å ta fatt i planen om ein indre trase via Tysnes og Fusa, vil ein ganske sikkert ikkje bli seinare ferdig med Hordfast enn om ein hald fast på midtre trase med bru til Søre Øyane. Søre Neset vil bli kvitt ferjetrafikken minst like tidleg eller truleg tidlegare om SVV får ei politisk bestilling om å trekkja indre trase fram att frå skuffa etter stortingsvalet om 3 månader.

For fire år sidan uttalte dåverande statsministerkandidat Erna Solberg at ein ikkje trong lenger tid til å diskutera korleis Hordfast skulle realiserast. Tida var inne for å få jobben gjort, og start på veg- og bruprosjektet kunne skje alt i 2018 hevda ho den gongen. No fire år seinare, og med Erna som mektig statsminister, seier regjeringa at det ikkje vert sett av investeringsmidlar for oppstart av Hordfast før i perioden 2024-30, dvs minst sju år fram i tida. Når ein statsminister kan ta så grundig feil, er det ikkje grunn til å festa lit til andre som i lang tid har hevda at toget er gått for å diskutera korleis og når Hordfast skal realiserast.

Bomfast

Sjølv om det er knytt stor politisk prestisje til realisering av Hordfast, kan dei nasjonaløkonomiske realitetane føra til at prosjektet meir dekkjande bør døypast til Bomfast. Eit vegprosjekt på 40 milliardar som skal fullførast i ein periode på 10 år krev 4 milliardar i investeringsmidlar årleg. Til samanlikning skal den nyleg vedtekne Rogfast til knapt 17 milliardar byggjast for rundt 2 milliardar i året, mens vårt lokale storprosjekt Svegatjønn - Rådal krev rundt 0.8 milliardar i investeringsmidlar årleg.

Hordfast krev med andre ord fem parallelle Svegatjørn-Rådal prosjekt samstundes. Og då har ein ikkje teke med utviding av Bømlafjordtunnellen til fire felt eller kostnadene med å stetta EU-krav om maksimalt stigningsforhold for undersjøiske tunnelar på 5%. Dagens Bømlafjordtunnell er bygd med 8.5% stigning.

Dei som seier at planane om bru over Bjørnafjorden er vedteken og at ein kastar bort energien sin på å protestera, veit anten betre, eller skjønar lite av korleis politiske gigantprosjekt vert manøvrert. Bru over Bjørnafjorden skal ikkje berre konkurrera lokalt og regionalt med eit alternativ via Tysnes og Fusa. Hordfast skal og konkurrera med andre samferdsleprosjekt regionalt (E16, E134, ny bru til Sotra, Bybanen etc), men og nasjonalt med andre ambisiøse veg- og togplanar i andre delar av landet vårt. Ingen kan tru at det vert enkelt å losa Hordfast gjennom Stortinget dersom det kan leggjast fram eit billegare og mindre omstridt alternativ gjennom Tysnes og Fusa. Alternativet vil i tillegg gjera det enklare å knyta Bergen til Austlandet via E134 over Haukeli, og gje den nye kommunen «Os og Fusa» eit vegsamband som vil representera eit kvantesprang for bygdene våre.

Egil H. Haugland

Folkeaksjonen mot bru over

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden