Utan samanlikning for øvrig, me treng ikkje fleire «Trumpar» med enkle løysingar basert på «fake knowledge» i brusaka, skriv Per Arne Rød.
Utan samanlikning for øvrig, me treng ikkje fleire «Trumpar» med enkle løysingar basert på «fake knowledge» i brusaka, skriv Per Arne Rød.

Konklusjonar utan belegg

Egil H. Haugland skriv 2. juni at dei som er usikre eller finn brusaka uinteressant, eigentleg er på same lag som dei som klart er imot at brua kjem. Dette er ein slutning som han ikkje har dekning for, og som inneber manglande respekt for dei som meiner annleis enn Haugland sjølv, skriv Per Arne Rød.

LESARBREV: Overskrifta «Det store fleirtalet er imot» er difor grunn til å beskriva som respektlaus og usakleg. Kvantifisering av dei tre gruppene som er for, imot og usikre/uinteresserte som like store, utan belegg, er også med på redusera gyldigheiten til påstandane i innlegget.

Det kan vere mange grunnar til at folk er usikre i ei sak som dette. På den eine sida er det trong for «de rene og ranke,» som diktaren skriv om, dei som tek standpunkt og flaggar det høgt og tydeleg. På den andre sida er enkle svar på komplekse spørsmål, gjerne så nyansefattige at ulike omsyn ikkje kjem fram. Sjølv om brusaka rører mange av oss verdimessig, emosjonelt, visuelt, praktisk og økonomisk, så er det å forventa at debatten så langt som muleg er sakleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

At folk er usikre på kva dei skal meina, heng kan henda saman med uklare alternativ. 14 tunnellar i det indre alternativet = ein dagpendlar må køyra gjennom 28 tunellar dagleg – kan ha noko å seia for lite tru på dette alternativet. Kva det vil kosta, er ikkje nyrekna på

Andre kan ha lite tru på at denne tunnellkøyringa vil vera så veldig utviklande for Fusahalvøya. Mellom anna er det mangelfull klargjering av kva miljøkonsekvensar veg- og tunnelløysingane vil føra til. Dette krev omfattande utgreiingar. Nei, då kjenner ein seg mykje sikrare på at bru mellom Hatvik og Venjanestet er verkemiddelet som kan utvikla den nye kommunen.

Det er truleg også dei som ser på den mulege brua over Bjørnefjorden som ein spanande konstruksjon. Ja, kanskje nokon rett og slett gler seg til å køyra over brua og ser fram til korleis brua vil kjennemerka Os. Kva veit me? Bruer mellom land, kommunar og øyer er synlege bevis på kva moderne ingeniørkunnskap kan få til. Og begrepet monsterbru, som motstandarane freistar å stigmatisera brua med, kan kanskje gje motsett verknad enn det som vart intensjonen. Men likevel, folk kjenner seg usikre på om brua og kostnader for samfunn og den enkelte, er eit godt val.

Så er det eit tredje alternativ som underteikna og andre har stor sans for, men som og gjer oss usikre. Det er alternativet med ferjer. Livet kjennes lett når bilen er plassert og me har rigga oss til i benkene med kaffikopp og avis! Når ferjene går som dei skal, er det vanlegvis ei fin og uproblematisk reise. Men dei går ikkje alltid som dei skal. Særleg på sambandet Arsvågen–Mortavika i Rogaland har liknande ferjer vore svært mykje ute av drift. På utfartsdagar og med store arrangement på reisestrekninga er det også på Halhjem og Sandvikvåg timevis venting og meir ei plage å reisa med ferjene. Konsekvensane for lokalbefolkninga som lever med ferjekøane er også med på å reisa argument mot ferjer som framtidig kommunikasjonsmiddel.

Kort sagt så er det ei rekke argument som tilseier at folk er usikre på kva dei skal støtta. Det må vera legitimt. Omsynet til næringslivets behov har eg lite kunnskap om. Den vidare utviklinga på nasjonalt og lokalt plan vil truleg tydeleggjera konsekvensane av dei ulike alternativa, slik at grunnlaget for å velja blir betre. Og utan samanlikning for øvrig, me treng ikkje fleire «Trumpar» med enkle løysingar basert på «fake knowledge» i brusaka.

Per Arne Rød