Arne-Richard Stadaas ved Eikhaugen Gjestegard startar opp gjevarstafett blant reiselivet i kveld, til inntekt for Leger Uten Grenser som også er TV2s gjevarprosjekt i kveld.
Arne-Richard Stadaas ved Eikhaugen Gjestegard startar opp gjevarstafett blant reiselivet i kveld, til inntekt for Leger Uten Grenser som også er TV2s gjevarprosjekt i kveld.

Drar i gang spontan gjevarstafett for Leger Uten Grenser

Då Arne-Richard Stadaas ved Eikhaugen Gjestegard høyrde at kveldens artistgalla på TV2 er til inntekt for Leger Uten Grenser, bestemte han seg for å utfordra reiselivsbransjen.

I kveld har TV2 sin årlege artistgalla til støtte for eit veldedig prosjekt. I år prøver dei å skaffa faste gjevarar og pengegåver til Leger Uten Grenser. Det sette tankar i sving hjå Arne-Richard Stadaas ved Eikhaugen Gjestegard.

- Eg sat og diskuterte med ein ven av meg, Egil Ørjan Thorsen, som har vore prosjektleiar for mange store reiselivsprosjekt i Noreg. Me diskuterte konflikten i Midtausten, og snakka om fortvilinga me båe følte for at me ikkje kunne vera med og utgjera ein skilnad, fortel Stadaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein idé blir fødd

Då han høyrde om TV2s Aristgalla til inntekt for Leger Uten Grenser (LUG), skjønte han seg for at dette var eit konkret prosjekt der han kunne vera med og hjelpa til. Samtidig få med så mange reiselivsaktørar som mogleg. Ideen om gjevarstafett blant reiselivsverksemder var fødd.

- På same måte som Leger Uten Grenser jobbar uavhengig av alle grenser - dei vere seg geografiske eller religiøse -, så har reiselivsverksemdene våre ei liknande rolle. Me ønskjer å gjera vårt beste for kvar enkelt kunde - uansett kven det er -, på same måte som LUG gjer for sine pasientar, seier Stadaas.

- Dei gjer eit fantastisk arbeid som eg ønskjer å stø opp om. Åleine kan eg ikkje gjera så mykje, men saman med ein heil bransje håpar eg det kan bli stort!

Håpar å få med Thon og Stordalen

Han har alt kontakta lokale reiselivsverksemder som Solstrand Hotel & Bad, Bjørnefjorden Gjestetun, Skjelbreid Poirée og Håheim på Tysnes og informert dei om gjevarstafetten. Den går ut på at ein forpliktar seg til å gje eit beløp, og deretter utfordra andre i bransjen til å gjera det same.

- Eg håpar verkeleg at dette kan breia om seg i kveld. Dersom det spreier om seg, håpar eg at store aktørar som Thon og Stordalen blir med. Då kan me få donasjonar som verkeleg vil monna, seier Stadaas.

Han har ogsåstarta ei Facebook-side for kveldens spontanstafett.

På TV2 i kveld

Sendinga på TV2 tek til kl 21.40. I løpet av sendinga får ein sjå sterke historier om Leger Uten Grenser sine pasientar og læra meir om arbeidet dei gjer i Kenya, Liberia, Jordan, Haiti og Tanzania. På scenen står ei rekke kjende artistar som Sølvguttene, Karoline Krüger, Jo Nesbø, Thomas Dybdahl, Maria Arredondo m.fl.