Daniel Skotheim håper William Lindborg finn seg godt til rette i sitt nye kontor i øvste etasje i Sælen-bygget.
Daniel Skotheim håper William Lindborg finn seg godt til rette i sitt nye kontor i øvste etasje i Sælen-bygget.

Fresh start i nytt lokale

Om halvanna veke flyttar den nye sentrumsleiaren inn i Sælen-bygget i Os. Men først skal William Lindborg på gutetur til England.

Det er travle dagar for den påtroppande sentrumsleiaren i Os. Samstundes som han er i ferd med å avslutta jobben for Bergen Filmfestival (BIFF) er han så smått i gang med å planleggja sin nye kvardag i Os. Pustepause mellom dei to jobbane, vert det ikkje.

- Eg skal på gutetur til London siste helga før eg startar opp her i Os. Det vert den vesle pausen eg får, humrar William.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dobbelt så stort

Fredag var han i Os for å sjå nærare på sin nye arbeidsplass i toppetasjen av Sælenbygget. Litt rydding fekk han også tid til.

Næringssjef Daniel Skotheim gav han ei hjelpande hand.

- Me ønskjer å gje Os sentrumsforening ein fresh, ny start. Då passar det bra å starta med å gje den nye leiaren eit nytt og større lokale, seier Skotheim.

Fredag morgon var William og Daniel godt i gang med å rydda ut frå det gamle sentrumskontoret.
Fredag morgon var William og Daniel godt i gang med å rydda ut frå det gamle sentrumskontoret.

Då Os og Fusaposten møtte dei på fredag morgon var dei godt i gang med å rydda frå Geir Amundsen sitt gamle kontor i nordenden av huset og over i det nye med utsikt mot kommunehuset.

- Her får du full kontroll med kva som skjer i hovudgata. Du kan til og med vinka til meg på kontoret mitt på andre sida av vegen, humrar Skotheim.

I det som tidlegare var Midtsiden sine lokale får sentrumsleiaren langt større boltreplass.

- Det er vel omkring dobbelt så stort her. Stort nok til at me skal få på plass eit bra møtebord og ei lita sofagruppe, seier Daniel.

- Ja, det blir kjekt. Me ønskjer ein uformell stil med plass til litt gjester. Målet er jo at folk skal føla seg velkomne til å stikka innom, legg William til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reality-check

Den nye sentrumsleiaren får sin første arbeidsdag onsdag 1. februar. I starten vil han bruka tida til å organisera på kontoret.

- Det er greitt at me startar flyttinga no. Då får eg ein gylden sjanse til å gå gjennom kva eg skal behalda og kva som berre kan kastast. I tillegg vil eg laga meg ei årshjul-oversikt over alt som Os sentrumsforening er involvert i, seier William.

Men litt ut av kontoret må han nok også.

- Det blir vel nokre rundturar innom butikkane på Øyro - rundt å helsa på og høyra med folk korleis det går.

- Det er mykje positivitet i Os sentrum for tida, men kva tenkjer du om at Tvedten no stengjar to butikkar.

- Det var veldig leit, og på mange måtar ein reality-check. Det minnar oss om at det kan vera tøft å driva nisje-butikk i eit sentrum som dette.

- Ja, så ligg det kanskje ei lita påminning til oss osingar der også av typen: "Det ein ønskjer å ha i morgon, må ein hugsa å bruka i dag", skyter Skotheim inn.

Han både håpar og trur det kjem nye næringsdrift i lokala til Tvedten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er blant dei beste næringslokala ein kan få i Os sentrum. Det er klart dei bør vera attraktive, seier næringssjefen.

Rock 'n' fotball

"Pustepausen" til William går med broder Andreas og ein gjeng andre kameratar til Manchester og London.

I klassisk Lindborg-and handlar det om rock og fotball.

- Eg hadde eigentleg eit håp om at me skulle få med oss FA-cup-kampen til Leeds borte mot Sutton, men til den kampen er det truleg umogleg å få billettar, noko Andreas og dei sikkert er glade for, ler William.

I staden blir det å sjå Crystal Palace mot Manchester City og Millwall mot Watford.

- Så kronar me helga med å sjå Black Sabbath søndag kveld. Det blir garantert ei herleg helg, smiler William.

Vil løfta matkulturen fram

Eit prosjekt leiaren i Os sentrumsforening på sikt kan få noko å gjera med er «Bjørnefjorden Matkultur». Onsdag 2. februar inviterer Daniel Skotheim, Landbrukssjefen i Bjørnefjorden og Matattachéen hos Fylkesmannen til samling for alle som produserer, foredlar og/eller sel råvarar til mat i Os.

- Me ønskjer å samla næringane, løfta fram matkultur og gjera mat frå regionen vår meir kjent, meir attraktiv og lettare tilgjengeleg for fastbuande og tilreisande, forklarar Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at dei har nokre gode idear til korleis dei kan få i gang og mobilisera samarbeidet, men presiserer at dei er avhengig av at næringa sjølv ønskjer dette initiativet velkomne.