Neste veke dukkar Liv Grete Skjelbreid opp i 4-stjerners middag, for andre gong. Tysdag inviterer ho dei andre kjendisane heim til hytta si i Hålandsdalen.
Neste veke dukkar Liv Grete Skjelbreid opp i 4-stjerners middag, for andre gong. Tysdag inviterer ho dei andre kjendisane heim til hytta si i Hålandsdalen.

Liv Grete diskar opp igjen

Neste veke gjer Liv Grete Skjelbreid comeback i programmet 4-stjerners middag.

Ikkje berre kommenterer Liv Grete Skjelbreid skiskyttar-VM for NRK heile neste veke, men også på TVNorge fyller ho TV-ruta fire kveldar på rad, når ho dukkar opp i åttande sesong av 4-stjerners middag.

I år skal ho spisa middag med tre andre kjendisar frå Bergens-ormådet, nemleg Desta Marie Beeder, Idar Vollvik og Fredrik Græsvik. Kvar av dei lager middag ein kveld, og dei fire programma vert sendt kvar dag frå måndag til torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdagen er det Liv Grete som inviterer dei andre heim til hytta i Hålandsdalen.

Liv Grete var også med i 2012-sesongen av programmet. Då kom ho til finalen, der Mia Gundersen stakk av med sigeren.

Til VG har ho sagt at ho ikkje har noko kvalar med å gjera comeback i programmet, og at ho håper ho har blitt betre til å laga mat sidan sist.

Det kan sjå ut som skyting står på menyen når skiskytardronninga Liv Grete Skjelbreid inviterer Desta Marie Beeder, Idar Vollvik og Fredrik Græsvik heim til Hålandsdalen i 4-stjerners middag tysdag.
Det kan sjå ut som skyting står på menyen når skiskytardronninga Liv Grete Skjelbreid inviterer Desta Marie Beeder, Idar Vollvik og Fredrik Græsvik heim til Hålandsdalen i 4-stjerners middag tysdag.

- «4-stjerners middag» er eit hyggeleg program. Og det er fint å møta nye menneske,sa ho til VG 11. januar i år.

Ho fortalte dei også at ho ikkje ser på seg sjølv som nokon kokk og at ho gjerne prøver ut nye ting i programmet.