Nore Neset jenter 05 imponerte stort i Vårspretten. Her jublar gjengen for vidare avansement til semifinalen torsdag kveld.
Nore Neset jenter 05 imponerte stort i Vårspretten. Her jublar gjengen for vidare avansement til semifinalen torsdag kveld.

Ein hårsbreidd frå finale

Eit samansett jenter 05/06-lag frå Nore Neset var berre ei feil dommaravgjerd frå å nå finalen i Vårspretten torsdag.

Haukelandshallen:

Nore Neset IL har hatt fleire lag i aksjon i Bjørnar IL sin tradisjonsrike håndballcup for aldersbestemte spelarar i Haukelandshallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag kveld var det Nore Neset jenter 05 sin tur til å prøva å nå vidare i sluttspelet. Jentene var jamt fordelt på to lag og begge laga var klare for B-sluttspelets åttandelsfinale.

– Til denne cupen hadde me sett saman spelarar frå 2005 og 2006. Ettersom fleire av spelarane våre dermed spelte mot eitt år eldre motstandarar, er eg veldig imponert over kor langt laga tok seg, seier trenar Irene Særvold Halvorsen.

I lag med Hilde Krisine Røttingen hadde ho ansvaret for gjengen som var i Haukelandshallen.

Burde vore mål

Det eine Nore Neset-laget fekk hard motstand i åttandedelsfinalen og rauk ut etter 1-7-tap for Sædalen 2.

For det andre Nore Neset-laget var det Bjarg som var motstandar i åttandedelsfinalen. Her var det tidleg klart at dei blåkledde frå Os var hakket betre enn sine naboar frå Rådalen. Etter 20 minutt kunne norenesingane jubla for 12-4-siger.

I kvartfinalen møtte Nore Neset Sædalen. Her kom dei blåkledde under i starten, men reiste seg meisterleg og drog til slutt heim ein fortent 8-7-siger. Dermed var det klart for semifinale. Motstandar var Tertnes.

Nore Neset kom seint i gang, men kjempa seg tilbake i kampen etter å ha lege litt bakpå. Då det berre stod sekund igjen, redda Konstanse Røttingen ekstraomgangar med eit meisterleg langskot. Så skulle det heile bli avgjort på sudden death, altså første mål-vinn.

Nore Neset burde vunne denne kampen. Like ut i ekstratida skaut Amalie Lund Helgesen i mål, men i staden for å få målet, dømte dommaren frikast til, noko ho sjølvsagt ikkje ville ha. Dessverre skåra så Tertnes på sitt neste angrep.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var surt og ufortent. Målet til Amalie burde vore godkjent. Men, men. Me er i alle høve nøgde med innsatsen. Det var strålande innsats heile vegen. Dei kjempa godt, rosar Særvold Halvorsen.

Det neste for Nore Neset-jentene er Stord-cup første helga i juni.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no