Kjell Elvis var generøs med kyssa. Wencke Marmoy var blant dei heldige.
Kjell Elvis var generøs med kyssa. Wencke Marmoy var blant dei heldige.

Ellevill Elvis-kveld

Wencke Marmoy har reist frå England til Røykenes for å gå i konfirmasjon. Lite visste ho om at kvelden skulle enda med eit kyss på kinnet frå sjølvaste kongen.

– Det var litt spesielt, seier ho og ler.

Marmoy har vore i konfirmasjon til nevøen sin tidlegare på dagen. Bror hennar bur rett over vatnet frå Er-An vegkro. No er det Elvis-show som står på programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore Elvis-fan lenge. Familien min har alltid likt han, så eg har følgt med han heile tida, seier Marmoy før ho kastar seg ut på dansegolvet igjen.

2,10 på strømpelesten

I år er det 40 år sidan Elvis Presley døydde, men songane hans lever i beste velgåande. Det var laurdagens Elvis-show eit tydeleg bevis på.

– Det har vore ein fantastisk kveld. Det var fullt i teltet klokka 19. Vi måtte setja fram fleire stolar. No er det truleg mellom 250 og 300 personar her. I tillegg har vi open vegkro, så det er mykje folk, seier vertinne Linda Andersen.

Kjell Elvis og Elvis på same scene.
Kjell Elvis og Elvis på same scene.
Heidi Hovland og Mette Ølnæss kosar seg glugg på Elvis-show.
Heidi Hovland og Mette Ølnæss kosar seg glugg på Elvis-show.
Mange ville få med seg Elvis-showet på Er An vegkro. Alt klokka 19 var det kamp om plassane i teltet.
Mange ville få med seg Elvis-showet på Er An vegkro. Alt klokka 19 var det kamp om plassane i teltet.
Flykaptein Per Storli sørgde for at Elvis fekk plass på flyet heim frå Gran Canaria, og var sjølvskriven gjest på festen.
Flykaptein Per Storli sørgde for at Elvis fekk plass på flyet heim frå Gran Canaria, og var sjølvskriven gjest på festen.
Per Storli fekk hjelp frå flyvertinnene Yvonne Stavenes og Anita Johanson til å avduka Elvis-figuren. Etter to månader på loftet til Linda Andersen, fekk Elvis endeleg helsa på folk igjen.
Per Storli fekk hjelp frå flyvertinnene Yvonne Stavenes og Anita Johanson til å avduka Elvis-figuren. Etter to månader på loftet til Linda Andersen, fekk Elvis endeleg helsa på folk igjen.
Sander Johansen spelte i lag med Kjell Elvis på tre låtar. Han har vore Elvis-fan sidan han var seks.
Sander Johansen spelte i lag med Kjell Elvis på tre låtar. Han har vore Elvis-fan sidan han var seks.
– Det finst berre ein konge, seier Rolf A. Minde, Elin Larm Jørgensen og Michael "Micen" Seilen.
– Det finst berre ein konge, seier Rolf A. Minde, Elin Larm Jørgensen og Michael "Micen" Seilen.
Her, i hjørnet på ventrommet, skal Elvis-figuren stå, fortel Linda Andersen.
Her, i hjørnet på ventrommet, skal Elvis-figuren stå, fortel Linda Andersen.

Årsaka til festlegheitane var den høgtidelege avdukinga av restaurantens nye Elvis-figur. Andersen la sin elsk på den høgreiste karen for snart tretti år sidan, då ho jobba i ein bar i Puerto Rico på Gran Canaria. No er baren selt, og då krovertinna fekk snusen i at Elvis stod bortgøymt i ein garasje, tenkte ho: Skal han verkeleg stå der?

Å frakta han til Noreg viste seg å vera alt anna enn enkelt, men Andersen hadde bestemt seg, og då tek ho ikkje nei for eit nei. Den som til slutt kom Elvis til unnsetning var Norwegian-kaptein Per Storli og besetninga hans. Rockekongen måtte rett nok sagast i tre før han kunna stiga om bord på flyet.

– Eg stappa han inn i ein pitteliten leigebil – det var akkurat plass til å gira – og så køyrte eg til flyplassen, fortel Andersen.

Assisterte kongen

For å feira åtkomsten til Elvis, og venterommet der han skal stå og ta i mot gjestene, inviterte Andersen og co. til Elvis-show laurdag. På lista over dei som ønskte å hylla kongen var Jan’s rock’n’roll band, The Vossarebels, Twang Gang og Norges einaste fulltids Elvis-imitator, Kjell Elvis.

Merksemda sistnemnte tiltrekte seg var kanskje på nivå med rockekongen sjølv. I alle fall nesten. På Røykenes flokka folk seg rundt scena, dansa og sørgde for å foreviga augneblinken. På ”Love Me Tender” ljoma allsongen i teltet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei ivrigaste tilhøyrarane langs benkeradene, var Sander Johansen (10). Han har spela bass i fire år, og vore Elvis-fan like lenge. På tre av låtane spelte han i lag med Kjell Elvis på scena.

– Eg ringte Kjell Elvis og spurte. Dei har spela i lag to gongar tidlegare også, på Danskebåten, fortel mamma Elisabeth Johansen.

Sander var, naturleg nok, ikkje den einaste med stor interesse for Elvis i salen. Michael ”Micen” Seilen er Elvis-imitator sjølv. Han har reist frå Bjorøy på Sotra i bubil for å få med seg showet.

– Eg kan alle songane og har spesiallaga kostymer. Eg har til og med planar om å skaffa meg ein tatovering, fortel han.

– Lærte du nokre nye triks i kveld?

– Nei, eg kan alle frå før, seier han og gliser.

– Frykteleg glad i Elvis

For vertinna har det gått i eitt. Andersen synest det er kjekt å sjå at det ikkje berre er ho som er Elvis-fan på sin hals. Men om Elvis-showet vert ein årleg tradisjon, torer ho ikkje svara på enno.

– Det er mykje logistikk med fire band på scena, og musikarar som skal hentast og bringast i Cadillacar. Det har vore ei lang veke. Vona er at eg skal få sova litt på måndad, seier ho og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det har vore ein fantastisk kveld. Showet er det mest vellukka vi har hatt på lenge, legg Andersen til.