Ein 18-åring er mistenkt for køyring i rusa tilstand.
Ein 18-åring er mistenkt for køyring i rusa tilstand.

Ruskøyring, bråk og branntilløp

18-åring mistenkt for ruskøyring, bråk på ungdomsfest og branntilløp er tre saker politiet har rykka ut på i Os siste døgnet.

– Ein 18-år gammal bilførar vart køyrd til legevakt for blodprøve etter at alkometeret viste raudt i natt, seier Kjersti Eidsnes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. 

Mannen  blei stoppa i Byvegen i Os, klokka 0228 natt til første pinsedag. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet tok beslag i den unge mannen sitt førarkort grunna mistanke om at han kjørte i ruspåvirka tilstand.

Bråk på ungdomsfest

Politiet fekk i natt melding om slagsmål på ein fest i Lysefjorden. 

– Vi fekk opplyst at Os-folk var sinte fordi undom frå Fana kom på festen, seier operasjonsleiar Eidsnes.  

Meldinga kom klokka 01.13. Då politiet kom til staden kring 01.30 hadde dei fleste som ikkje skulle vera der allereie kome seg ut. 

– Fleire ungdommar vart bedt om å gå derfrå. I tillegg blei det destruert ein del alkohol, då enkelte festdeltakarar var mindreårige, fortel Eidsnes.

Ho opplyser vidare at foreldre vart varsla og saka ordna på staden. 

Branntilløp

Litt tidlegare på natten, kring midnatt, rykka politi og brannvesen ut til Luranetunet der ein pasient hadde sett fyr på ei avis.

– Sjukeheimen følgjer opp i forhold til pasienten, vi har oppretta sak, fortel operasjonsleiar Eidsnes.