Norsk Luftambulanse)
Norsk Luftambulanse)

Syklist alvorleg skadd

Ein 50 år gammal mann er alvorleg skadd etter krasj med bil på Askvik i dag.

Helse Bergen opplyser i ei pressemelding at syklisten som krasja på Askvik i 15-tida i dag er alvorleg skadd. 

Mannen på 50 år er innlagt ved Haukeland Universitetsjukehus. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykka skjedde på fv 160 ved Askvik. Politiet fekk melding om hendinga klokka 14.56. 

– Ulykka skjedde i krysset der du kan køyra av til Aksvik, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Syklisten kom frå Strøno, medan bilisten køyrde av til Askvik.

– Syklisten traff i sida på bilen. Samanstøyten må ha vore kraftig, for bilen var ikkje køyrbar etter ulukka, fortel Rebnord.

Syklisten blei fløyet til sjukehuset med luftambulansen.

Politiet tok beslag i førakortet til den hos kvinneleg bilføraren. 

– Beslaget vart gjort på grunnlag av mistanke om at bilisten har brote vikeplikta. Det blir oppretta sak, forklarer Rebnord.