Både Fusa og Os manglar eit turistinformasjonstilbod. Attraksjonane i dei to kommunane er mange. Men det manglar marknadsføring i stor skala, og det manglar turistkontor.
Både Fusa og Os manglar eit turistinformasjonstilbod. Attraksjonane i dei to kommunane er mange. Men det manglar marknadsføring i stor skala, og det manglar turistkontor.

Reiselivslagets renessanse

Kanskje er det tid for ei modernisert utgåve av Bjørnefjorden reiselivslag.

LEIAR: Turistsatsinga i både Os og Fusa har til tider vore beskjeden. Tidleg på 90-talet var denne satsinga koordinert og meir omfattande. Bjørnefjorden Reiselivslag var eit samarbeid mellom Os, Fusa og Samnanger kommunar. Ein dagleg leiar og representantar og økonomiske bidrag frå kvar kommune, sytte for ei meir heilskapeleg satsing. Den gongen var det turistinformasjon i Det gamle kommunehuset på Os og såkalla "Sommarinformasjon på kaien".

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Slike tankar bør tenkjast på nytt. Både Fusa og Os manglar eit turistinformasjonstilbod. Attraksjonane i dei to kommunane er mange. Men det manglar marknadsføring i stor skala, og det manglar turistkontor.

I førre formannskap i Os opplyste assisterande rådmann at dei jobbar med ei mellombels løysing for årets sesong i rådhuset. Han nemnde også høva for ei meir permanent løysing i Oseana. Dette er vel og bra, men må vera meint som mellombelse, til ei meir konkret satsing er utforma.

For Os sin del kan det planlagde signalbygget på Torget vera ei naturleg plassering for eit framtidig turistkontor. Det vil vera endå meir sentralt enn Oseana. I Fusa vil Fjord`n Senter vera ein aktuell lokasjon.

 

Fusa har sommaravis med den aller mest naudsynte informasjonen om sommarlege aktivitetar og tilbod. Os har ein informasjonsfaldar om program for sommaren. Eit reiselivslag vil vera eit godt grunnlag for ei meir omfattande satsing også her. Sykkelruter, program for sommaren, turløyper, overnattingsstader, attraksjonar og serveringsstader er berre noko av det som bør formidlast til tilreisande.

Det interkommunale samarbeidet er utbreidd. Turisme er absolutt eit område som kan eigna seg for yttarlegare samarbeid. Ei samla og koordinert satsing vil kunna koma begge kommunane til gode.

 

Eit reiselivslag kan vera ein "paraplyorganisasjon" for dei som driv i bransjen og ein høyringsinstans, og kanskje også ein katalysator for til dømes campingplass eller ei endå større satsing på båtturisme.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Målet må vera fleire tilreisande som i sin tur kan bidra til levebrødet for store og små verksemder i både Os og Fusa.

 

Kanskje er det tid for ei modernisert utgåve av Bjørnefjorden Reiselivslag?