Den nye sentrumsleiaren, William Lindborg (31), ser fram til å vidareutvikla torgplassen som eit naturleg knutepunkt for mykje av det som skal skjer i sentrum.
Den nye sentrumsleiaren, William Lindborg (31), ser fram til å vidareutvikla torgplassen som eit naturleg knutepunkt for mykje av det som skal skjer i sentrum.

William Lindborg ny leiar for Os sentrumsforening

Han blir skildra som den perfekte match for stillinga, William Lindborg (31). - Han vil verkeleg tilføra noko nytt og løfta heile foreininga, seier Daniel Skotheim.

Tysdag ettermiddag annonserer styreleiar i Os sentrumsforening, Daniel Skotheim, at William Lindborg (31) er valt ut blant dei 28 søkjarane til stillinga som ny dagleg leiar i sentrumsforeininga.

- Han har alt som me såg etter i den nye sentumsleiaren. Han er ein engasjert person som er lett å lika, og har ikkje minst veldig gode resultat å visa til frå kulturlivet, seier Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig event-erfaring

I dag jobbar han som administrativ leiar og produsent i Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF).

Han har veldig gode resultat å visa til når det gjeld arrangement og event-erfaring, han har erfaring frå marknadsføring, men også frå butikk, seier Skotheim.

At Lindborg har vore butikksjef på Joker Søfteland, trur styreleiaren mange av medlemmene i sentrumsforeininga vil setja stor pris på.

- Han veit kva det handlar om å driva butikk, og kan dermed lett relatera til mange av medlemsverksemdene i foreininga, seier Skotheim.

- Gler meg til å bli med på oppturen

Lokalavisa møter Lindborg på Osøyro, etter at han har levert veslejenta i barnehagen heime i Fusa.

- Eg ser fram til å få kortare pendleveg! Dagane tek til vel tidleg når eg må rekkja jobben i Bergen, seier Lindborg.

Han uttrykkjer glede over arbeidet som pågår med å gi sentrumskjernen ei solid ansiktsløfting.

- Eg trur dette blir ein veldig spanande jobb, og eg gler meg til å ta fatt. Eg merkar at det er stor positivitet knytt til Osøyro om dagen, og eg håpar å få vera ein del av denne oppdrifta framover, seier Lindborg til Os og Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva erfaring tek du med deg frå jobben du har no?

- Jobben min her har vore å få festivalen og arrangementa til å fungera. Då er det mitt ansvar å fiksa ting som gjerne er litt utanom det vanlege. Det er erfaring eg er sikker på kjem godt med, seier han.

For osingar flest er kanskje William Lindborg mest kjent som ein av gründerane bak den velrenommerte Rock 'n' lol-festivalen som la ned i 2013.

- Eg trur at festivalen er ein del av grunnen til at eg har fått tilbod om jobben. Rock 'n' lol hadde eit veldig godt rykte i Os. Eg knytte mange kontaktar gjennom festivalen som eg framleis held kontakten med, seier Lindborg.

Vil stramma opp, og skapa nytt

Før Lindborg hadde Geir Amundsen jobben, og før det att Renate Sundberg. Lindborg får dei same arbeidsoppgåvene som sine forgjengarar, men styreleiar Daniel Skotheim har trua på at den nye sjefen også vil tilføra mykje nytt.

- Eg trur han vil løfta heile foreininga. Han vil kunna trekkja fleire nye medlemmer til sentrumsforeininga, samtidig som han kan vera med og stramma opp ein del av dei etablerte arrangementa, og sjå på nye, seier Skotheim.

Marknadsdagar, vårslepp, bondens dag og julemarknad er nokre av dei faste årlege arrangementa. Kva nytt som kjem, vonar Lindborg å utvikla i lag med styret og medlemmene.

- Eg tenkjer at eg skal bli godt kjent med det Os sentrumforening alt har av aktivitetar, og så tenkja på nye ting ut frå kva ønske medlemmene har. Eg er ganske god på å finna løysingar, og har lyst til å vera med og gjera arrangementa så gode som råd er, seier Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lindborg trer inn i funksjonen for fullt 1. februar, men han vil alt no involvera seg i omorganiseringa som pågår i sentrumsforeininga. Det handlar om å laga ei ny nettside, ny logo, samt laga visjon og mål.

- Eg har stor tru på at dette blir spanande og bra. Eg er i alle fall veldig klar, seier Lindborg.

Alder:

31

Busett:

Fusa

Sivilstatus:

Gift med Tonje, ei dotter

Stilling:

Administrativ leiar og produsent i Bergen Internasjonale Filmfestival

Bakgrunn:

Utflytta søftelending. Stod bak Rock 'n' lol-festivalen, har vore butikksjef på Joker, dreiv musikkfirmaet Søfteland Rock AS, har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, sit i kommunestyret i Fusa (Ap).

Aktuell med:

Overtek sjefsstolen i Os sentrumsforening 1. februar