Det bør ikkje vere ukjent at plast som kommer på avveie i naturen, kan spreie miljø- og helseskadelege stoff. I tillegg bind plast/mikroplast til seg miljøgifter som allereie finnes i naturen og konsentrasjonen av miljøgifter kan mangedoblast.

Plastpartikler kan difor vere helseskadelege og er ein kjelde til opptak av miljøgifter i organismar. Diverre er det allereie påvist mikroplast (plast som er mindre enn fem millimeter) i ein lang rekkje artar og i flere typer mat. Forskarane har funnet mikroplast i plankton, korallar, skjel, skalldyr, fisk, sjøfugl og sjøpattedyr, samt i produkt som øl, honning og havsalt.

Miljødirektoratet har sett på mikroplasten og fått utarbeidd ein rapport med ein analyse over situasjonen. I denne rapporten blir det vist til at tap av gummigranulat frå kunstgrasbaner kan stå for cirka 1500 tonn mikroplast per år, og at det er uvisst kor mykje av dette som ender opp i ferskvatn eller havet.

Dette gjer i så fall kunstgrasbaner til ein av dei største kjente kjeldene til mikroplast (utgjer 17 % av det totale), etter slitasje av bildekk, som står for cirka 4500 tonn.

Tal kunstgrasbaner i Norge har økt formidabelt dei siste åra og har mykje godt erstatta grasbanene/grusbanene. I starten var det sand som vart brukt som fyllmasse i kunstgrasmatta, men etter kvart er det brukt gummigranulat grunna betre støtdemping.

Gummigranulat som brukast på banene, er hovudsakleg laga av gamle bildekk. Kvar bane inneheld rundt 100 tonn gummigranulat og må etterfyllast med cirka 10 tonn per år. Dette knytt til snørydding, avrenning og fordi det fester seg til sko og klede til fotballspelarane. Med andre ord er gummigranulatet flyktig og har store problem med å ligge i ro der det var tiltenkt å liggje.

Idrettsanleggsregisteret ble opprettet i 1992 for å kartlegge og halde løpande oversikt over idrettsanlegg i Norge samt for oversikt over tildelingar av spelemidlar til idrettsanlegg. Ved eit søk i idrettsanleggsregisteret finn vi at det pr dato er 115 kunstgras fotballbaner i Møre og Romsdal (ca 1500 i landet). Vidare finn vi at det no er under planlegging 16 fotballbaner med kunstgras i fylket vårt.

Dei grøne organisasjonane i fylket vårt har omsut for ein rein natur. Dette kan uttrykkje seg gjennom meldingar (bekymrings-) til dømes inn til kommunane om forhold som må gjerast noko med. Knytt til gummigranulat på avveie frå kunstgrasbaner, har Naturvernforbundet teke tak i fleire saker i vårt fylke der dei har påpeika at det har skjedd spreiing av gummigranulat utanfor bana og at dette er i strid med forureiningslova. Dei har kravd at kommunen som forureiningsmynde i slike saker må sørgje for opprydding etter § 37 i forureiningslova.

Kva kan gjerast for å unngå gummigranulat frå fotballbanane ut i naturen?

1. Drifte dei eksisterande banene som har gummigranulat rett. Det betyr at ein ved eventuelt snørydding ikkje må dumpe snø med granulat i nærmaste skråning/grøft. Ein må ikkje dumpe granulatet på ein måte som gjer at det blir vanskeleg å få samla alt opp når snøen er borte. Både ved kraftig regn og ved vind og tørt vær, vil det spre seg videre og meir vil kome ut i naturen. Det er viktig at eigar og driftsansvarleg for bana har ein plan og gjennomføringsevne til å handtere snørydding når snø frå bana inneheld granulat. Greier ein ikkje å ta vekk berre snøen av bana, må ein la det vere om ein ikkje har moglegheit til å samle opp gummien.

2. Ved nybygging av kunstgrasbaner så må ein bruke miljøvenlege fyllmasse. Ved kontakt med idrettskonsulenten i Sogn og Fjordane i haust fekk vi vite at dei no testar ut sand som fyllstoff i kunstgrasbaner. Løsninga er å leggje ei gummimatte (PAD) under kunstgraset. Ein slik løysing gir ikkje dårligare støtdemping enn om ein nyttar gummigranulatet. Med sand som fyllmasse er det ekstra viktig med god banedrift med rett djupprens.

Konklusjon

Norge har ein av verdens flottaste kyster og vårt fylke er kjent for de unike fjordane. Vi meiner at spreiing av gummigranulat ut i naturen/sjøen knytt til snømåking/drift av ei kunstgrasbane er i strid med forureiningslova og at kommunane må syte for å stoppe slik forureining straks. Vidare må kommunane vurdere anna oppbygging og fyllmasser i dei kunstgrasbanene som no er under planlegging.

Vi vonar kommunane tek denne utfordringa alvorleg både knytt til den rolla kommunane har i spelemiddelordninga og knytt til forureiningslova.

Avslutningsvis ber vi om ei tilbakemelding frå kommunane i Møre og Romsdal på korleis dei handterer gummigranulaten i kunstgrasbanene sine.

Ingbjørn Bredeli, koordinator Forum For Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Ingbjørn Bredeli. Foto: Hugo Tingvoll