Vestnes kommune har vedtatt å bygge nytt helse- og velferdssenter. Dette skal erstatte dagens sjukeheim, samstundes som det ifølgje eit konseptstudium skal romme både omsorgsbustader, legesenter, kantine og bibliotek.

Fleire arbeidsgrupper har jobba med dette, og her får planane om bibliotek i det nye senteret full støtte. Målet er ein meir aktiv eldrepolitikk som skal skape meir liv og røre både for dei eldre og andre.

Brev til ordføraren

Men i det politiske miljøet og elles i Vestnes er det ikkje alle som er samde i at det er lurt å plassere eit bibliotek inne i det nye senteret. Plasseringa vart tatt opp gjennom ein interpellasjon i kommunestyret i mars. No engasjerer både Vestnes sentrumsforeining, Vestnes næringsforum og Vestnes Kulturhus Vennelag seg i saka. Gjennom brev til ordførar Geir Inge Lien ber dei kommunen sjå på bakeritomta i Kjøpmannsgata som eit alternativ til bibliotek. Her blir det understreka at dette vil vere svært viktig for sentrumsutviklinga i Vestnes.

Bygget der Terje Gjelsten dreiv bakeri står i dag tomt. Tomta vender både mot Kjøpmannsgata og mot sjøsida, og blir sett på som svært attraktiv.

Onsdag kjem saka opp i Vestnes formannskap. Administrasjonssjefen legg fram saka utan innstilling.

Vestnes folkebibliotek har i dag lokale i underetasjen på rådhuset. Foto: Olav Skjegstad