Historisk arkiv

Framleis god vekst i breibanddekninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Breibandtilbodet til norske hushaldningar har auka stort siste året. Det er no så og seie full dekning for kapasitetar opp til og med 12 Mbit/s. Det viser den årlege dekningsundersøkinga gjennomført av konsulentselskapet Nexia.

Breibandtilbodet til norske hushaldningar har auka stort siste året. Det er no så og seie full dekning for kapasitetar opp til og med 12 Mbit/s. Det viser den årlege dekningsundersøkinga gjennomført av konsulentselskapet Nexia.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har i fleire år fått gjennomført kartleggingar av breidbanddekninga i Noreg. Dei nyaste tala viser betydeleg vekst både på låge og høge kapasitetar.

- No ser vi nok ein gong at norske breibandbrukarar har fått eit endå bedre tilbod. Det er særleg gledeleg at breiband med høgre kapasitet har auka kraftig dei siste åra, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Den grunnleggande breibanddekninga i privatmarknaden er no på 99,9 prosent. Grunnleggande breiband er då definert som 2 Mbit/s nedlastings- og 250 kbit/s opplastingskapasitet.

Veksten er størst i kapasitetsklassen 12 Mbit/s. Her har breibanddekninga auka frå 85 prosent til 99 prosent i 2012. Årsaken er særleg auka kapasitet på satellittbasert aksess og betre tilbod om mobilt breiband med høg kapasitet (LTE).

Dekninga i denne kapasitetsklassen har auka relativt kraftig for nesten alle fylker i løpet av året, og forskjellane i fylkesvis dekning er mindre enn før, heiter det i rapporten.

Samstundes har dekninga i høgre kapasitetsklassar (25 Mbit/s og 50 Mbit/s) auka i dei aller fleste fylker.

Det er no mindre enn 2.000 husstandar som manglar tilbod om breiband med 2 Mbit/s  – ein nedgong på i underkant av 3.000 frå i fjor.

- Dette er ein gledeleg framgong. Men det er framleis kvite områder på breibandkartet, og vi ser at det er forskjell i breibandtilbodet mellom by og land. Regjeringa vil derfor bidra til at alle husstandar skal få tilgang til breiband av grunnleggande god kvalitet, seier Aasrud.

Eit viktig tiltak er kravet om dekning på minst 98 prosent ved tildeling av nye frekvensar for mobilt breiband. I tillegg har regjeringa vedtatt å løyve minst 150 millionar kroner i året til utbygging av breiband.

Meir informasjon om tilskotordninga: