Fakta om Skjåk

Skjåk kommune er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod til innbyggarane og næringslivet. I Skjåk finn du gode og varierte fritidstilbod til store og små. Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Skjåk kan tilby ein køfri kvardag full av opplevingar. Ny barne- og ungdomsskule (2018/19), barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med svømmebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk har fleire lokale matprodusentar. Dette har gjort Skjåk til ei merkevare for kultur, miljø og tradisjon. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover.

Fakta om Skjåk

  • Fylke: Innlandet
  • Adm.senter: Bismo
  • Målform: Nynorsk
  • Høgde over havet: 400 m.o.h
  • Innbyggjarar: 2 154  (per. 2 kvartal 2023)
  • Kommunas areal: 2 076 km²
  • Verna areal: 79 %
  • Høgaste fjell: Nørdre Hestbreapiggen (2172 m.o.h).
  • Ordførar: Edel Kveen (SP), 2023 - 2027
  • Kommunedirektør: Ivar Bø
  • Kommunefakta Statistisk Sentralbyrå
  • Sjå nettsida SKJÅK.NO - om å besøke, arbeide og leve i Skjåk.

Skjåk

Skjåk ligg lengst vest i Ottadalen i Innlandet fylke (tidl.Oppland) mellom majestetiske fjell og flott natur for friluftsliv. Skjåk grensar i nord til Norddal og Rauma i Møre og Romsdal og Lesja, i øst og sørøst til Lom, sør til Luster i Sogn og Fjordane og i vest til Stryn i Sogn og Fjordane og Stranda i Møre og Romsdal. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Reinheimen nasjonalpark ligg i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. Kommunesenteret i Skjåk heiter Bismo, og her bur om lag 40% av innbyggjarane i kommunen. Ein velutvikla infrastruktur dekker bu og næringsområda i Bismo. Dei fleste har sitt arbeid i Bismo i industri, handel og tjenesteyting.

Skjåk er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod til innbyggarane og næringslivet. I Skjåk finn du gode
og varierte fritidstilbod til store og små. Ny barne- og ungdomsskule (2018), barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. 

Bygda utanfor bustadområda er prega av landbruk og reiseliv. Skjåk Almenning er ein stor privat naturforvaltar som eig mesteparten av arealet vest for Bismo. Skjåk Allmenning dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. I tillegg til nasjonalparkane er det to større naturreservat i Skjåk, Hondsrøve og Einstullie, som er oppretta for å ta vare på gamal urskogprega furuskog med spesielle artar knytt til dette økosystemet.

Infrastruktur og kommunikasjon

Riksveg 15 frå Otta til Stryn, går gjennom bygda. Næraste kommunesenter er Lom med reisetid 15 minutter i bil. Til Otta er reisetiden ca. 1 time og til Stryn ca.1,5 time. Jordbruksareala ligg som en "buffer" mellom bustadområda i aust og vest. Skjåk kan tilby ein køfri kvardag full av opplevingar. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover.

Næringsliv

Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Det er fleire industribedrifter i Bismo. Interfil lagar ventilasjonsfilter. Glasitt produserer byggemateriale av returglass. Stryvo Bismo er ein offshore-bedrift. Skjåk Almenning (Skjåk Trealst ) produserer trelast i furu. Skjåk Hedda hytter er ein hytteprodusent. Elles er arbeidslivet prega av handel og offentleg tenesteyting.

Lokal mat

Det finnes fleire lokale matprodusenter i Skjåk. Dei fleste er tilknytta Gudbrandsdalsmat som sel og distribuerer lokal mat til folk i heile landet.

Klima

Skjåk har innlandsklima med svært lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelegeskilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret. Skjåk har i følge Yr.no også ein rekord som den tørraste plassen i Norge, faktisk er det kun nokre få stader i Sør-Europa som er tørrare.

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway