Då eg flytta frå Sæbø og Hjørundfjorden for 30 år sidan, flytta eg frå ein fjord og ein heimstad få menneske hadde høyrt om. Bondalselva var tom for laks, hotella på Sæbø og Øye gjekk stadig vekk konkurs, og folketalet både i fjorden og på Sæbø gjekk ned og ned.

Denne reklameeffekten er det mange som nyttar godt av. Turistane kjem i hopetal, hotella går godt, butikkane også. Særleg godt tener dei som har høve til å leiga ut hus og hytter med høg standard i strandsona. Der har ein vanleg pris for å leiga ei hytta på 100 kvadrat og 3–4 soverom i kombinasjon med bil- og båtplass vorte godt over 10 000 kroner i veka. Sagt på ein annan måte: Sit du på strandtomt som du kan utvikla i Hjørundfjorden, sit du på ei gullgruve. Og sit du i tillegg på ei sentrumstomt med strandsone, ja, så sit du på fleire gullgruver.

Ørsta kommune har, eller rettare sagt, hadde ei slik strandtomt. Då eg var ung, dreiv Ørsta kommune av ein eller annan grunn med næringsverksemd på Sæbø, både bensinstasjonen og det store kraftfôrutsalet Stormøllen var kommunale. Stormøllen-bygget er den store og stygge trebygningen som ligg mellom det gamle samvirkelaget og sjukeheimen på Sæbø. Bygget ligg på ein indrefilet av ei tom. Frå denne tomta er det fritt utsyn over fjorden i alle retningar. Hadde nokon tilbode meg denne tomta, ville eg glatt ha bydd både fem og ti millionar. Nei, eg har ikkje desse pengane, men vis meg den banken i verda som ikkje ville ha stilt med lån dersom eg hadde fått lov til å byggja på tomta av kommunen.

No syner det seg at kommunen både har gjeve lov og gjeve frå seg tomta til ein familie i bygda. Familien skal få setja opp fem store einebustadar på tomta. Bustadane skal vera i tre høgder. Det stoggar ikkje der. Familien eig det gamle samvirkebygget. No vil dei byggja på ei ekstra høgd, som vil taka vekk mykje av den klassiske fjordutsikta Sæbø er kjent for. Ørsta kommune har sagt ja til det òg. Sentrum av Sæbø skal no endrast fundamentalt og fleire av dei som bur på Sæbø, tapar utsikta si over fjorden.

Kva skal så Ørsta kommune ha for den store tomta, som utbygd kjem til å redusera verdien til andre bustadeigarar som ikkje lenger kan selja fjordutsikt den dagen dei skal selja husværa sine? 440.000 kroner. Lat meg skriva ut talet med bokstavar så alle får det med seg. Ørsta kommune sel det som truleg er den mest attraktive tomta i heile Ørsta kommune, ja, truleg på heile Søre-Sunnmøre for firehundre og førtitusen kroner.

Lat meg få understreka at den familien som no har fått den svære pengegåva av Ørsta kommune, ikkje har gjort noko som helst gale. Eg rettar ingen skuldingar mot dei. Dei har laga reguleringsplan og har søkt om både å få kjøpa tomta og byggja på henne. Ørsta kommune, derimot, har oppført seg så gale at eg har lyst å skulda dei for kriminalitet. Det skal eg ikkje, men då er forklaringa på det dei har gjort, rein og skjer toskeskap.

Mange på Sæbø har sjølvsagt klaga over prosessen. Det skulle berre mangle. Kven vil sitja stille å sjå på at kommunen både gjev frå seg utsikta di og mange millionar av det fellesskapen har bygd opp? Eg har fått tilgang til alle sakspapira. Eg kan knapt forstå kva eg les i svara frå Ørsta kommune og rådmann Wenche Solheim.

Har til dømes andre fått høve til å by på tomta slik regelverket både til Ørsta kommune, staten og EØS legg opp til? Og kvifor held både EU og Noreg seg med eit slikt regelverk? Det forstår vi alle. Vi ynskjer ikkje at politikarar skal få høve til å gje vekk ting som vi alle eig saman. Ikkje slik i Ørsta. Ingen andre har fått byde på tomta. Forklaringa rådmannen kjem med, er ikkje til å forstå: «Vidare var det berre ein aktuell utviklingsaktør som kommunen kunne sjå på som reell i saka. Skulle kommunen kunne støtte opp om å gjera det mogleg å satse på privat reguleringsarbeid for å utvikle området, var det vanskeleg å legge opp til ein salsprosess basert på utlysing.»

Men korleis kunne andre vita at kommunen vil selja tomta og tillata bygging på henne når ingen andre fekk vita at kommunen både vil selja og tillata bygging? Det er då kommunen som har gjort at berre ein «utviklingsaktør» fekk høve til å kjøpa og nytta tomta. Hadde kommunen lagt ut annonse i Møre-Nytt eller på Finn.no, hadde eg lagt inn bod på dagen.

Det som har skjedd, kjem det fram av sakspapira, er at familien har gått til kommunen og bede om å få laga ein privat reguleringsplan for kommunal grunn. Eg tviler faktisk på at dei som les denne kronikken, var klar over at ein kunne gå til kommunen og spørja om å få regulera deira eigedom for å så få kjøpt han på billigsal, men dette er altså mogleg i Ørsta. Og det sjølv om rådmannen skriv i eit klagesvar at det «er rett at offentlege utlysingar er eit viktig prinsipp som bør følgjast i dei fleste slike saker.»

Men kvifor plukka kommunen ut nett denne familien som kjøparar av og utviklarar av tomta? Jau, syner det seg, familien leigde Stormøllen-bygget som lagerplass og dimed var det «naturleg» at dei fekk kjøpa og utvikla området. Kvifor dette var naturleg, er umogleg å vita. Det er berre slik det er, det. Men det stoggar ikkje der. Ørsta kommune tykkjer det er trist at familien både taper lagerplass og må riva Stormøllen-bygget. For rivinga gjev dei rabatt på tomteprisen, og for manglande lagerplass gjev dei familien høve til å utvida det gamle Samvirkebygget søraustover. Dimed forsvinn endå meir av utsikta frå Sæbø sentrum.

Korleis kan eg så påstå at tomta er verdifull? Lat meg sitera frå dokumentet til administrasjonen som kommunestyret no har vedteke: «Ut frå omsyn at desse eigedomane ligg ved sjøen og så nær sentrum som ein kan kome, vert det innstilt på at ein har denne kjøpesummen. Total kjøpesum vil ut i frå dette bli ca. kr. 440 000 pluss omkostningar.» Kven har signert dette dokumentet? Rådmann Wenche Solheim. Ho vedgår altså at ho sel ei strandtomt «så nær sentrum som ein kan kome». Skulle ikkje dette tilseia ein høg pris i staden for ein låg?

Kvifor innstilte òg same Solheim – og fekk vedteke – at det gamle samvirkelaget skal få ei tredje høgd og gå frå å vera eit relativt lite bygg, til å verta mellom dei største på Sæbø? Ja, fortel familien i søknaden om å få byggja ei tredje høgd, grunnflata på det eksisterande bygget er berre på 105 kvadrat og det er for lite for den barnefamilien som er planlagt skal bu der. Er 105 kvadratmeter for lite? Sjølv har eg oppseda to born på 75. I alle høve seier familien i søknaden sin at dei ikkje vil byggja bustad i samvirkebygget om dei ikkje får leggja på ei ekstra høgd. Men vent litt. I det same skrivet fortel familien at det faktisk er ei leilegheit i bygget frå før i andre høgda og at ho er på knapt 80 kvadrat. Den leilegheita vil dei ikkje slå saman med den planlagde leilegheita av di dei vil halda fram med å leiga ut den gamle.

Ja, eg kan godt forstå at familien vil driva med utleige. Det kan dei òg gjera i dei store nye bygga dei får setja opp. Leiger dei ut desse, kan dei nok glatt få ei 20–30.000 i veka i sumarsesongen. Tyskarar liker store strandvillaer når dei skal til Hjørundfjorden for å fiska. På Hustadnes Camping tek dei 1.600 per dag for 74 kvadrat med ein liten robåt på kjøpet. Bustadane som kjem i sentrum, vert tre gonger så store som hyttene på Hustadneset.

Administrasjonen i Ørsta kommune og Ørsta kommunestyre bør skamma seg.