Det seier Bernt G. Bøe som saman med Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor, Sigrid V. Bøe, Øystein Moe og musikare har laga ein heil CD-plate kalla «Juletid».

Det er ikkje mindre enn ei skattkiste av tonar og tekster som talar så godt og gledeleg, stort og sterkt, varmt og vakkert til sinn og sansar.

Bøe oppfordrar til å synge med.

– Du kan stemme i når vi opnar med Deilig er jorden. I denne pilegrimsteksten har danske B.S. Ingemann lagt alle slekters trassige håp om «fred på jorden» – fordi «oss er en evig Frelser født». Melodien er i si kjende form først å finne i samlinga «Schlesische Volkslieder» frå 1842, utgjeven i Breslau (no Wroclaw i Polen) – som «folketone». Men mykje tyder på at W.A. Mozart har kjent (eller kanskje laga?) den, seier Bøe.

Udødeleg

Cantique de Noël frå 1847 av Adolphe Adam vart udødeleg i Jussi Björlings versjon «O helga natt». Sigrid V. Bøe har gått til den franske originalen, med Rockemaure‘s tekst og der orkesterstemmene er lagt til av Bøe.

Koppången er opprinneleg eit fiolinstykke (1998) av Per-Erik Moraeus, inspirert av landskapet Koppången i Dalarne.

– Melodien rørte Ry Backman, som like etter dikta teksten. Den skildrar tankar som mange har hatt når vinterhimmelen over den gamle kyrkja løftar sinnet mot det evige, seier Bøe.

Teksten til In the bleak midwinter vart rundt 1870 skriven av Christina Rosetti.

– Originalteksten er full av undring over at det fattige, lille Jesus-barnet er den Gud som skal herske over jord og himmel: – Kva kan fattige eg gi han? Jau – det mest verdifulle eg har – mitt hjerte! Med Gustav Holst sin vakre melodi kom den inn i «English Hymnal» i 1906. Og hør på plata kva Mack Wilbergs arrangement – i Tor Strand sine hender – tilføyer av uttrykkskraft og inderleghet, seier alltid entusiastiske Bøe.

Fryktar dødsstraff

Giuseppe Verdis Ave Maria er ikkje den kyrkjeleg bøna vi kjenner frå katolsk tradisjon.

– Den som Sigrid syng saman med strykekvartetten på plata, er «Desdemonas bøn» frå hans opera «Othello» (1891): Desdemona fryktar dødsstraff for noko ho ikkje har gjort. Ho vender seg til Gud via Maria («Jesu velsigna mor») og syng si inderlege bøn: – For meg som knelar, for alle veike og undertrykte, for dei mektige og for dei som lid urett! Strykarstemmene legg ei «overjordisk» klangramme rundt den vakre og uttrykksfulle arien, seier Bøe.

Dagsviks Julekantate er eit folkeleg juleoratorium for vår tid, skal Surnadals-prest og musikar Knut Ree ha sagt om Arne Dagsviks kantate «I denne søte juletid» da den kom ut i 1991. Og den velklingande musikken over julebodskapen fenga straks både kor og forsamlingar.

– Frå 1993 har Åsskard Kyrkjekor, etter kvart saman med Todalskoret, og med lokale solistar og innleigde orkesterkrefter framført kantaten mange gonger på sine julekonsertar, forklarar Bøe.

Mini-opera

I si oppbygging, med juleevangeliet som «libretto», i bibelsitat og salmetekster, er kantaten ein musikal eller miniopera.

– Scenisk framføring i kyrkjerommet har difor vore naturleg for våre kor, som i 2016 feira 25-årsjubileum for verket med innspeling på plata «Juletid», seier Bøe.

Juleforteljinga stig fram i resitativ (sungne bibelavsnitt), fyldige korparti og solo- eller gruppesatsar. Orgel og orkesterinstrument gir både tonefølgje og musikalske kommentarar til stoffet.

«Juletonar på Nordmøre» er ein liten suite for kammerorkester laga av Bernt G. Bøe

– Nordmøre er eit av landets rikaste folkemusikkområde. I denne suiten har sju julesongar fått ny tonedrakt – med fløyte, obo, 2 fioliner, bratsj og cello. Tonane er alle nedskrivne av Edvard Bræin etter songkjelder rundt i bygdene våre, seier Bøe.

Bonus

Det er og med eit bonus-opptak: Gjenhør frå korarkivet.

– Mannskor er mangelvare. Difor tre eldre opptak med Bøfjorden Mannskor – forutan eit «allsongopptak» med born og vaksne (felleskor i kantorisats) frå Stangvik kyrkje, seier Bøe.

Det er DreamFarm i Surnadal som står bak mastringen av «Juletid».