Utanlandske bankar har no 74 prosent av den den norske bank-marknaden.

Ein samfunnsøkonom, Johannes Idsø, ved Høgskulen på Vestlandet har gjort ei større norsk bank-gransking for perioden 2006 til 2015 (jf. Klassekampen 20/1, «Utlendingenes bankfest», s.20-21).

I 2006 hadde utanlandske bankar 2 prosent av den norske bankmarknaden, i 2015 heile 74 prosent. Utanlandske bankar tek heile 3 av 4 profitt-kroner.  Forretningsbankane miste først kundane sine til dei utanlandske, no står sparebankane for tur, hevdar Idsø.

Dette er dramatisk, ikkje berre for norsk bankvesen, også for Norge og velferdsstaten som er avhengig av jamne skatteinntekter.

Dei siste åra har eg ofte tenkt i mitt stille sinn at det er noko alvorleg gale med norske bankar. Dei har ikkje fulgt rettleiinga som den statlege styringsrenta gir. Den har vore svært låg den siste tida, heilt ned i 0,5 prosent, medan bankane har halde si rente på det jamne i fleire år, 4-5 prosent, på huslån, høgare på andre lån. I utlandet er bustadrenter langt lågare.

I tillegg er kundebehandlinga blitt dårlegare, både i bankar og somme butikkar. Fleire fortel om arrogant og nedlatande behanling, særleg frå unge funksjonærar. Somme avviser samtalar om indivuduell tilpassing av låneavtalar.

Eit eksempel frå mitt eige liv: Då eg før jul skulle byte ut den gamle bilen min med ein nyare, tok eg lån i ein irsk bank som tilbyr tenester her, i samsvar med EØS-avtalen, med den same renta som eg har på huslånet mitt i sparebanken. Banken tok garanti berre i gjenstanden som eg kjøpte. I sparebanken meinte spirrevippen som eg snakka med der, at eg var for gammal til å låne meir pengar. Banken ville hatt garanti i huset mitt, som var litt belånt hos dei, om eg skulle døy eller kræsje bilen innan ein månad. Eg har aldri misleghalde lån eller betalingsavtalar.

Eg mistenkjer den unge mannen for å like å bruke litt makt overfor eldre damer. Unge nordmenn har vakse opp i velstand, dette gjer somme av dei arrogante og nedlatande overfor eldre som dei held for mindre verdt enn dei sjølve. Og han hadde fått for dårleg opplæring i kundebehandling. Det er både dårleg yrkesetikk og dårleg forretningsskikk å la vere å tilby folk tenester, og det utan risiko.

Utanfor EØS ville norske bankinteresser hatt heilt andre vilkår enn dei har no. Men også no, innafor EØS, kunne norske politikarar vise meir gangsyn og ta ansvar og rettleie norske bankar ved å vedta like rammevilkår for norske og utanlandske bankar. Då måtte dei norske bankane moderere rentekrava sine, noko som ville gitt dei muligheit til å drive med eit moderat overskot, og ikkje bli heilt utradert.

Det krevst sterk rygg for å bere gode dagar, seier eit gammalt ordtak. Viss den norske velstanden skal haldast oppe, må mange heile tida passe på og arbeide fornuftig og målretta.