Picasa

Årsmøte i Rindal sokn:

- Vi må tenkje oss om

Søndag kveld hadde Rindal menighet sitt årsmøte i menighetshuset, og hovedinnlegget var ved Erik Moen frå nabosoknet som fortalde om Grøn Menighet. Han tok utgangspunkt i CO2-kretsløpet.

Det har vore mange variasjonar i temperaturen i jorda si historie, men det har aldri vore så mykje CO2 i lufta som no, og temperaturen har aldri stege så fort som no.

I denne situasjonen er det naturleg å snakke om Grøn Menighet. 

- Det er vanskeleg å gjere noko med gamle kyrkjebygg, særleg for oss som har Mo kyrkje, sa han. Nyare og særleg nybygde kyrkjebygg kan både byggast og drivast klimavennleg. Det sparar både pengekassa og klimaet.

- Vi må tenkje oss om, sa Erik Moen. Forbruket vårt er for høgt, og det er stadig stigande. Kanskje vi skal gje ei geit i gave (gjennom Kirkens Nødhjelp) i staden for å kjøpe noko som blir sett i skapet.

Miljøfyrtårn er ei kjent stiftelse som gir sertifikat til verksemder som vil dokumentere miljøinnsatsen sin og vise samfunnsansvar. Slik dokumentasjon kan også kyrkja nytte seg av.

Moen tilrådde at det vart halde temagudstenester, at ein nytta Faitrade-varer og økologiske produkt, og at ein tok miljøomsyn i all transport.

2017-04-02 20.15.03.jpg

Songkoret Tormod frå Surnadal, dirigert av Elisabeth Gjørsvik, hadde ei musikalsk avdeling med a capella- song og med akkompagnement av dirigenten. Dei framførte både engelsk, russisk og norsk musikk.

2017-04-004.jpg
Sokneprest Lene Gåsvatn heldt andakt før soknerådet inviterte til velsmakande kveldsmatbuffé.

Etter pausen var det gjennomgang av årsmelding og rekneskap. Årsmeldinga kan du laste ned her!

2017-04-02 21.22.48.jpg
Dei tilsette i Rindalskjerka måtte vise seg fram: kyrkjeverge Ingeborg Nordlund, diakon Aud Brynhild Indset, trusopplærar Elsa Jensvold, kyrkjetenar Jan Brødreskift og sokneprest Lene Gåsvatn.

2017-04-02 21.20.47.jpg

Dei som var tilstades av soknerådet med varamedlemmer måtte også vise seg fram: Frå venstre: John Bendik Møkkelgård (v), Nils Ole Evjen (v), Birgitte Kattem, Gudrun Langli Storholt (v), Arnhild Foseide Fagerholt, Sigmund Moen Trønsdal, Marit Øyen Rønning (v), Johan Helgetun, Monica Gulla og Leif Ove Grytbakk, soknerådsledar.