ks øye 2

Engasjert debatt om Nye Øye

Måndag kveld fekk kommunestyret i Surnadal presentert forprosjektrapporten om Nye Øye i eit eige møte på Surnadal ungdomsskule. Kommunestyremedlemmane var på synfaring på barneskulen og ungdomsskulen, og det var sett av litt tid til debatt om prosjektet.


Ingen er inhabile

I starten av møtet vart det diskutert om nokre av representantane var inhabile i saka om Nye Øye. Det gjeld Bergsvein Brøske, Janne Husby Haugen og Ove Magne Aasen. Rådmannen la vekt på at ingen av representantane har personlege fordelar eller ulemper i saka, og innstilte på at alle er habile. Rådmannen si innstilling om habilitet vart einstemmig vedteke for kvar enkelt av dei aktuelle representantane. 

Ordførar Lilly Gunn Nyheim henstilte til at alle er bevisst rollen sin først og fremst som kommunestyrerepresentantar i denne samanhengen.


Presentasjon av forprosjektrapporten

Møtet starta med informasjon om prosjektet og ein gjennomgang av forprosjektrapporten. Rapporten vart presentert av Anna Ervik Johnsen fra Norconsult. Norconsult og samarbeidspartnarane deira meier at alternativet som dei har utreda er ei svært god løysing ut frå føresetnadane. 

Det er kjent at det kan vere utfordringar med grunnforholda på skuleområdet. Johnsen fortalte at grunnforholda vil bli undersøkt denne veka, og at ein kan rekne med å ha resultata klare i løpet av 3-4 veker.

Det er store driftmessige fordelar med eit nytt og moderne bygg som dette blir. Det vil gi ein stor reduksjon i driftsutgifter, bl.a på strøm og reinhald, samanlikna med dei gamle bygningane.


Større areal pr. elev enn normen

Norvald Bondhus, som er skulefagleg rådgjevar for rådmannen, viste til at det har kome mange innspel som går på at det ikkje er ønskeleg med barneskule og ungdomskule i same bygg. Men arealet ein får pr elev er betydeleg større enn normen, både på undervisningsareal og friareal, så lenge elevtala er slik statistikken no viser. Klasseromma i ungdomsskulebygget vil bli disponert på ein meir hensiktsmessig måte.

Noke plussar og nokre minusar vil det naturleg nok vere. Men i forprosjektet er det mellom anna lagt inn eit auditorium som rommar eit heilt trinn på ungdomsskulen. Dette vil vere med å gi fleksibilitet i høve til undervisningsareal på ungdomsskulen, dersom det etter kvart blir fleire elevar der enn det statistikken viser no.

Anna Ervik Johnsen forklarte at det er muleg å bygge på mot vest, dersom det blir behov for større areal i framtida.
 

Synfaring på barneskule og ungdomsskulen

Kommunestyremedlemmane vart teke med på synfaring i ungdomsskulebygget og på barneskulen, der dei fleste romma har vore modne for utskifting i lengre tid. I gymsalen på barneskulen er delar av golvet skifta ut pga råte. Sløydsalen er omtrent som han var for 60 år sidan, og det er alt for lite plass på arbeidsromma til lærarane. Fleire plassar flassar malinga av murveggane. I 97-bygget er det alt for små garderobar, der to og to elevar i enkelte tilfelle må dele på nokre få cm med hylleplass.

På ungdomsskulen har og gymsalen sett betre dagar. Den er absolutt moden for oppgradering. Klasseromma på ungdomsskulen er store og romslege, men etter plana skal størrelsen på klasseromma reduserast. Mange er bekymra for at det blir for lite plass. Ei anna bekymring er at arbeidsromma til lærarane blir flytta vekk fra undervisningsfløya.


Ulike alternativ var skissert i utgangspunktet

Etter synfaringa tok Norvald Bondhus ein rask gjennomgang på dei ulike alternativa for ombygging som var skisserte i utgangspunktet.

I alternativ C var barneskulen og ungdomsskulen kvar for seg. Mange grupper har sagt at dei ønsker dette alternativet. Men det var kostnadsrekna til 213 millionar kroner, så det vart for dyrt.

Alternativ D2 er berekna ut frå eit mindre elevtal enn D1, derfor er det lite aktuelt. 

Prosjekterings- og plangruppa vurderte at alt D1 var det klart beste, og plan- og byggenemnda for Øye skuleområde slutta seg til dette. Alternativ D1 er gjennom forprosjektet forbedra i forhold til den opprinnelege skissa.


Mange tilhøyrarar

Det var mange tilhøyrarar på møtet, og tydeleg stor interesse for kva politikarane meinte om forprosjektet, og det alternativet som er utreda.

Etter gjennomgangen av dei opprinnelege alternativa inviterte ordførar Lilly Gunn Nyheim til debatt og diskusjon. Men ho presiserte at det ikkje blir fatta noe vedtak på dette møtet. 
 

Ulike synspunkt

Rakel Polden (Ap) sa at ho meiner at løysninga som er lagt fram er god.

– Om vi hadde hatt ubegrensa med midlar så hadde vi bygd barneskole og ungdomsskole kvar for seg. Men vi har ikkje ubegrensa med midlar, sa ho.

rakel.JPG

Margrethe Svinvik (Sp) påpeika at det kom fram nye moment med tanke på ungdomsskulebygget under synfaringa. Klasseromma blir ganske små, og det blir ikkje mange grupperom. Ho hadde merka seg at det er stor bekymring for at det ikkje skal blir nok plass. 

– Lærerarbeidsplassene blir trekt vekk fra undervisningsfløya. Er det vurdert som ein fordel? spurte ho.

Ho spurte og om det er mogleg å få inngangen til ungdomsskolen på andre sida.
 

Bergsvein Brøske (Sp) trekte fram ein del løysingar ved skulen som kunne vore gjort betre før, i etterpåklokskapens namn. Han sa at han meiner at det framlagte alternativ D1 ikkje er godt nok. Det blir for lite plass, og læringsmiljøet blir ikkje godt nok.

– Det er absolutt behov for å jobbe meir med dette prosjektet, sa han.

Tor Rune Halset (H) støtta Bergsvein Brøske i dette synet.
 

– Eg er her for å høyre og spørre, og så får vi ta en avgjerd seinare, sa Erik Moen (MDG).

Han spurte m.a. om det nye bygget for 1. - 4. trinn er dimensjonert for ein etasje til. Han påpeika at dette og er eit spørsmål om skulestruktur. Han spurte om det er mange såpass store skular som har 0-10-deling.

Han spurte og om miljøsertifisering på bygget, og om det er aktuelt å bygge i massivt tre. Da kan ein redusere klimautslipp.

– Er dette vurdert? spurte han.

Han fekk støtte frå Sondre Ormset (Sp) i tanken om massivt tre.
 

Janne Husby Haugen (Sp) påpeika at det har vore lagt ned mykje arbeid i dette prosjektet.

– Det er en del ting som vi ikkje har kome i mål med enda, det ser eg, sa ho – Det er økonomien i Surnadal kommune som er argumentet for ei endring i skulestrukturen. Men eg er villig til å ta denne strukturendringa for å få betre økonomiske rammer i framtida. Eg meiner at det hastar å få på plass ein ny skule til ungene våre.

Hun viste til at prosessen allerede har tatt mange år, og var bekymra for kva som skal skje om ein skal begynne å planlegge på nytt att no.

– Eg trur at vi har kome fram til ei god løysing no, og eg håper at det er dette som blir løsninga, sa ho.
 

– Eg trur at alle i kommunen er einige i at vi må ha ein ny Øye skule no, sa Tove Mogstad (Sp) – Men eg føler at vi ikkje er der enda. Vi har ikkje funnet den perfekte løysinga.

Ho syntes ikkje det passar inn å ha voksenopplæringa på eit barne- og ungdomsskuleområde. Og heller ikkje at fleire aldersgrupper skal dele på det same uteområdet. Ho hadde heller ønska eit påbygg på 1997-bygget, og ikkje rørt ungdomsskulen. Ho sa at ho ikkje kan forstå at alternativ C skal bli så mykje dyrare enn D1.

– Det hadde vore så gøttj om alle hadde vorte fornøgd, sa Tove Mogstad.
 

Marit G Langli.jpg– Eg får følelsen av at dette alternativet ikkje er bra nok, sa Marit Granhus Langli (H) .

Ho fortalte at ho har fått mailar frå brukarar av skulen, som ikkje er fornøgde med det alternativet som er lagt fram. Det må være plass til å være seg sjøl, meinte ho. Ho oppfordra til å sjå på alternativ C ein gong til, og etterlyste tall på sambruk av spesialrom, kjeller og skolekjøkken, og felles administrasjon.

– Er det mogleg å få svar på det alternativet? Det treng ikkje å ta mange måneder å få svar på det, sa ho – Men eg er redd for at dotter mi på to år skal byrje på same skulen som oldemor hennar gjekk på.
 

– Det blir trangt slik planene er no, kanskje for trangt, sa Gunhild Bøklep Bøe (Sp) – Og kvar skal vi eventuelt bygge på ungdomsskulen om han blir for liten?
 

Ove Magne Aasen (H) hadde henta fram statistikk som gjer han betenkt på 1-10-skular. Statistikken viser at det er flest mobbeoffer på 1-10-skular. Det er klare forskjellar, sa han.

– Andre plassar i landet arbeider dei med å dele opp i barne- og ungdomsskular att. Men her vil det bli vanskelig å dele opp att, dersom ein ønsker det ein gong i framtida, sa Aasen. – Halsa og Rindal har begge høgare mobbetall enn Surnadal på den siste elevundersøkinga. I Halsa har det blitt for trangt. Da blir det og meir mobbing. Og overgangen fra barneskule til ungdomsskole kan vi ikkje miste, sa han.

Assen fremma fleire argument for at det framlagte alternativet ikkje er godt nok.

Han viste til at MøreTre og Talgø seier at det skal bli 50 nye arbeidsplassar i Surnadal. Her er det praktisk talt ikkje arbeidsledigheit no. Det betyr at det blir befolkningsvekst, og ein må rekne med større kull i skulane. 

Han forklarte og at ein må legge til rette for mer praktisk undervisning i framtida. Meir praktisk undervisning krev meir plass.

I tillegg til dette risikerar ein at det blir større kostnadar enn venta og dermed innstrammingar i forhold til det alternativet som er utreda. Da kan det bli enda mindre plass og ei enda dårlegare løysing enn det som er lagt fram i rapporten.
 

– Eg trur at vi må finne eit kompromiss som er til å leve med. Vi har et ansvar for å fullføre dette vedtaket, sa Helge Røv (Ap). – Vi får ikkje til en 100% optimal løysing med 130 millionar, men vi får til ei god løysing, meinte han.


Ønska i utgangspunktet to skular

Norvald Bondus sa at han i utgangspunktet har ønska to skular. Det har han skrive i høyringssvaret sitt. Men han meiner at ein 1-10-skule er ikkje det store problemet, ein ser at det fungerar mange plasser. Han viste til at det er ulike strategier i ulike kommunar.

Han påpeika at fleire høyringssvar har ikkje vore særleg positive i forhold til sambruk av spesialrom. 

Til slutt minna han om at det er kommunestyret sjølv som har sett ei grense på 130 millionar for dette prosjektet.

Bondhus 3.jpg

Meir aktuelt å bygge på mot vest enn å bygge ein etasje opp

Anna Ervik Johnsen svarte at bygget for 1.- 4. trinn ikkje er dimensjonert for å kunne bygge på ein etasje til i denne rapporten. Dette kan ein sjølvsagt gjere. Men ho viste til at ein har ein bygningsstruktur som er enkel å forlenge mot vest. Norconsult ser dette som ei meir aktuell løysing ved eit eventuelt behov for meir plass i framtida.

Når det gjeld forslaget om massivtre forklarte ho at ein har hatt tankar om å videreføre det som er i dag, for å få en helheitleg bygningsmasse. Men det går og an å sjå på massivtre. Eit argument mot dette er at ein mistar ein del fleksbilitet. Plana er no å bruke ein del elementveggar som det ikkje er så mye arbeid å flytte på om det blir nødvendig.

Mijøsertifisering er noko som må ligge til grunn heilt frå starten av prosjektet som det skal gjennomførast. Her har det ikkje vore med i plana frå starten. Men ein kan bygge miljøvennleg for det.

Dersom ein ønsker ein ny inngang til ungdomsskulen på sørsida må det bevilgast 50 millioner meir. For det første er en etasje høgare opp, og det vil også endre logistikken i hele bygget, forklarte  Anna Ervik Johnsen.


Ikkje ferdig debattert

Ordførar Lilly Gunn Nyheim måtte begrense tida og sette strek for debatten i denne omgangen. Ho oppsummerte med at mykje heng i lufta enda. Saka er ikkje ferdig debattert. Mykje av det som vart sagt på dette møtet blir med vidare i arbeidet med Nye Øye.