Velkommen til ny nettside

Nettsidegruppe
Nettsidegruppa på Vestlandsforsking: Svein Ølnes, Idun Andersen Husabø, Guttorm Flatabø og Anne Lise Uglum Skaar.

Vestlandsforsking har fått ny nettside. Vi vil gjerne ønskje deg velkommen, og håpar du får ei god oppleving.

Aktuelt

Nettsida vi lanserer i dag er mobiltilpassa og har eit oppdatert design. Det vil seie at sida fungerer like godt på ein mobilskjerm som på ein laptop. Du vil truleg òg legge merke til at den nye nettsida har fleire bilete enn den gamle.

– Vi er nøgde med å ha nye nettsider som gjer at aktuelle saker frå Vestlandsforsking er tilgjengelege også på mobil og nettbrett. Eg håpar folk finn det dei er ute etter, seier direktør Merete Lunde.

Kjernen er prosjekt, personar og publikasjonar

Å leggje fram resultata våre for andre er noko av det mest sentrale forskarar gjer. Difor er det veldig viktig å få presentert prosjekt, publikasjonar og personar på ein oversiktleg måte. Koplingane mellom desse tre innhaldstypane må òg stemme, slik at du som brukar lett finn fram stoffet som er relevant.

– Leverandøren vi valde hadde utvikla nettsider for organisasjonar som på mange måtar likna Vestlandsforsking, og forstod dette med ein gong, seier Svein Ølnes, som har leidd arbeidet med å bestille nettsida og følgje opp Ramsalt i utviklingsprosessen.

Mange frå utlandet

Før vi gjekk i gang med den nye nettsida, kartla vi kven som eigentleg brukte nettsida og kva dei gjorde medan dei var der. Akademia peikte seg ut, men mange frå offentleg sektor, næringslivet og media var òg innom nettsida.

Eit anna interessant trekk ved brukarane var at nesten 20 prosent kom frå utlandet.

– Det er eigentleg naturleg, sidan instituttet har mange internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt, seier Svein Ølnes.

Fri programvare

Den tekniske løysinga nettsida byggjer på, er den frie programvara Drupal, som til dømes Difi på Leikanger òg har valt å bruke på portalane sine.

– Dette er ei reindyrka fri programvare, forklarer Guttorm Flatabø, som høyrer til på forskargruppa for teknologi og samfunn og har følgt opp utviklinga av nye vestforsk.no.

Den tekniske løysinga nettsida byggjer på, er altså fri for «lukka komponentar» eller delar av ei programvare som ein må betale for å få tilgang til. Vi har lagt vekt på dette av prinsipielle grunnar.

– Vi er generelt for bruk av fri programvare fordi vi er for mest mogeleg openheit og fri publisering. Det er naturleg for eit forskingsinstitutt å tenke i slike baner, seier Svein Ølnes.

Kom med innspel!

Sidan nettsida vår er heilt ny, vil vi gjerne ha innspel frå deg som brukar ho. Ser du noko som manglar eller bør justerast? Vi tek imot alle tips til forbetring.