Totalt var det delt ut 2,3 millionar kroner til 14 prosjekt i Nord-Gudbrandsdalen. Utdelinga skjedde under ei markering på Vågå Hotel tysdag.

Ein kvart million til leikeareal

FAU Lesja skule får 250.000 kroner til opprusting av lekeareal. Eit engasjert foreldreutval ynskjer at borna skal få ein betre moglegheit til å vere fysisk aktive i skuletida. Dei har difor sett i gang ein dugnad og pengeinnsamling for å få til ein etterlengta leikeplass. Dagens uteområde er frå 1968, og leikeapparate er frå 1980-talet.

– No blir det opp til politikarane i Lesja å bidra med det same, sa rektor Jan Olav Thorsplass og Jon Sneve frå FAU under utdelinga.

Terrengparken

Dombås IL Alpint og Snowboard får 200.000 kroner til utvikling av terrengparken i Dombås skiheiser.

– Vi vil byggje kular av jord, så slepp vi å bruke berre snø til dette, sa Jan Lyngen da han saman med Martin Bentdal tok imot pengegåva.

Penger til tradisjonshandverk

Handverksskolen på Hjerleid får 340.000 kroner til oppstart av fag innan tradisjonshandverk.

– Frå hausten 2017 vil skulen starte opp to nye liner innan tradisjonshandverk: byggteknikk og overflateteknikk. Det er eit stort behov for å utdanne handverkare som kan arbeide for kulturminnevernet, sa Helle Hundevadt då ho tok imot pengestøtta.

Sjela i fela

Spelemannsprosjektet Med sjela i fela får 80.000 kroner. Målet med prosjektet er å vekkje interessa for folkemusikken hjå unge gudbrandsdølar. Det skal gjeres gjennom å iscenesette den eventyrlege livshistoria til folkemusikaren Magne Bø fra Lesja.

– Vi vil ære kunstnaren Magne Bø og vil ha med dei beste musikarane for å heidre han, sa prosjektleiar Egil Ulateig.

Prosjektet skal involvere alt frå rekruttar frå kulturskulen, junior- og senior spellemenn til trekkspillklubbar frå dalen. Det heile skal knytast saman av profesjonelle musikere, og skal munne ut i tre konsertar hausten og vinteren 2017-2018.

Gudbrandsdalsmusea avdeling Lesja Bygdemuseum får 50.000 kroner til drivhus og hageutstyr. Dei ynskjer å opparbeide ein urte- og grønsakshage, som lokale skuler, barnehager, lag- og foreininger skal vere med å utvikle og drifte.

Lesjaskog IL får 90.000 kroner til snøskuter og løypeslodd. Dette skal supplere og delvis erstatte dagens tråkkemaskin, som er utsleten.